Utdanningsforbundet Sauda i nye lokaler

Publisert: 19.10.2022

I dag har lokallagsleiar "flytta inn" i nye lokaler i Saudagården i Sauda sentrum.

Etter ein lang periode med pandemi, etterfulgt av oppussing av rådhus bestemte styret i Utdanningsforbundet i Sauda i styremøtet i september at ein vil leige lokaler i sentrum fram til rådhuset står klart. Dette er ein del meir praktisk og logistikkvennleg for lokallagsleiar, då møter på Teams har blitt erstatta med fysiske møter.

20 oktober flytta dermed lokallagsleiar inn i tredje etasje i Saudagården. I fyrste omgang er datoen for innflytting i rådhuset satt til 01.april, men det kan sjå ut til at desse tidsfristane har ein tendens til å bli utsatt. Me ser føre oss å vera her fram til sommaren i fyrste omgang. Kontortid er onsdagar og torsdagar på dagtid. Medlemmer må gjerne komme innom for kaffe eller eit møte når som helst det skulle passe. Avtal gjerne tid på 45 04 35 86, eller send ein e-post til underteikna.