Barnehagelærarmangel

Publisert: 22.09.2023

I heile landet manglar det tusenvis av barnehagelærarar og tilsette som skal sikre barna våre ein god og trygg oppvekst. Barnehagesektoren står i ein alvorleg bemanningskrise, og det krev handling!

Situasjonen no 

Dei siste 20 åra har barnehagen gjennomgått store endringar. Barnehagane har blitt større, opningstidene lengre, og barna er dagleg fleire timar i barnehagen enn tidlegare. Samstundes er stadig fleire eitt- og toåringar heile dagen i barnehagen. Totalt sett har dette bidrege til ein svært pressa bemanningssituasjon i barnehagane. 

I Øygarden kommune  er me ikkje i mål for å oppnå dagens nasjonale, lovpålagde barnehagelærarnorm på omlag 43 prosent. Samstundes er denne for svak. Regjeringa har sagt at målet er 60 prosent barnehagelærarandel innan 2030. I tillegg er sjukefråværet  høgt og aukande og det vert brukt ringevikarar utan pedagogisk utdanning. Bruken av vikar er restriktiv  og barnehagelæraren må bruka av tida ho har til planlegging for å “redda” dagen. Då er barnehagen ikkje lenger ei pedagogisk verksemd, slik barnehagelova seier den skal vera. 

Grunnbemanninga i barnehagen er òg for låg. Opningstida i dei fleste barnehagane strekkjer seg opp mot ti timar. Omlag halvparten av barnehagane i Noreg har ikkje full bemanning i meir enn 4-5 timar.  I Øygarden  er dette talet lågare. 

I tillegg er sjukefråværet i barnehagen langt høgare enn landsgjennomsnittet, og 4 av 10 barnehagelærarar har valt bort barnehagen som arbeidsstad. 

Samla går dette ut over utviklinga og tryggleiken til barna, deira rett til eit godt pedagogisk tilbod, og arbeidsforholda til dei tilsette. 

Vårt ønske 

Det må takast grep for å løysa denne situasjonen. Fleire barnehagelærarar og auka bemanning er nøkkelen til å gje barna våre ein best mogleg start på livet og samstundes skape gode arbeidsvilkår for barnehagetilsette. Det er viktig for: 

Barnas framtid: God bemanning og kvalifiserte barnehagelærarar legg grunnlaget for utvikling, læring og trivsel. 

Tryggleik: Fleire tilsette gjev barna ein tryggare og meir omsorgsfull barnehagekvardag. 

Pedagogisk kvalitet: Fleire barnehagelærarar sikrar den pedagogiske oppfølginga av kvart einskild barn, særleg dei barna med særskilde behov. 

Arbeidsforhold: Betre bemanning tyder mindre stress for tilsette, betre helse og auka trivsel. 

Å tilsette fleire barnehagelærarar og auke bemanninga er ei investering i barnas framtid, som vil gi positive gevinstar for barna og for samfunnet. 

Utdanningsforbundet jobbar for ein nasjonal modell som styrkjer barnehagelærarnorma og sikrar alle barnehagar minst éin ekstra barnehagelærar. Men dette tek tid. Vi er nøydde til å ta grep lokalt no. 

Vi ber dykk om å prioritera barnehagen og løysa bemanningsutfordringa. Dette handlar om kvaliteten på barnehagetilbodet i Øygarden kommune og barna våre si framtid. 

Det er tid for dei minste!