Førstereis til landsmøte

Synnøve Kirkebø og Sabine Exner skal neste veke delta på sitt første landsmøte i Utdanningsforbundet. Vi har lodda stemninga på siste delegasjonsmøte før avreise, og spurt kva tankar dei har om å vera førstereis på landsmøte.

Synnøve Kirkebø jobbar til dagleg som lærar ved Gimle skole i Bergen der ho og er plasstillitsvald. Synnøve er eit kjent fjes for mange. Skulen ho jobbar på har vore gjennom mange streikar, sist i 2022. No skal ho vera med å påverka politikken til Utdanningsforbundet dei neste åra.

Kva tankar gjer du deg som førstereis, no berre få dagar før det heile startar?

-Først og fremst gler eg meg veldig. Eg trur det vert veldig interessant å følgja diskusjonane som kjem, og vera vitne til, og delta i, korleis politikken til Utdanningsforbundet vert utforma.

Korleis opplever du arbeidet som delegasjonen har lagt ned inn mot landsmøte?

-Det har vore kjekt, interessant og nyttig. Eg har fått mykje betre innsikt i korleis organisasjonen fungerer. Det har og vore veldig fint å bli betre kjent med dei som jobbar på nivåa over meg, som er arbeidstillitsvald.

Vi spør Synnøve om det er noko ho gler seg særskilt til og kva ho er mest spent på.

-Eg gler meg til å høyre andre fylkeslag sine betraktningar på dei same sakene som vi har behandla. Eg er mest spent på kva saker som skapar mest debatt. Særleg når det gjeld store «nye» saker om vurdering i skulen. Lærarutdanninga og diskusjonen kring autorisasjon ser eg og frem til.

-I førebuingane til landsmøtet har eg jobba mest med saka som handlar om laget rundt eleven. For meg, som har alt mitt virke på golvet, er dette noko eg kjenner veldig på kroppen . Det at ein vert strekt i alle retningar og i praksis, som kontaktlærar, er den som sit med ansvaret. Slik kjennest det i alle fall. Vurdering er også noko som vi snakkar mykje om i lærarkvardagen. Det er ei viktig og kompleks sak.

Korleis skal du lade opp før du reiser ?

-Denne veka har eg jo lada opp med delegasjonsmøte, men eg dreg til Oslo i helga og besøkjer son min. Då vert eg alltid veldig opplada.

Saman med Synnøve står Sabine Exner, nyvald til fylkesstyret i Vestland. Ho er og kontaktperson for vidaregåande. Sabine har lang erfaring som plasstillitsvald ved Firda vidaregåande skule. I landsmøtesamanheng er ho derimot heilt fersk.

Kva tenkjer du om å vera førstereis til landsmøte?

-Først føltes det som at det var veldig lenge til Landsmøtet, men tida har rast av garde, og plutseleg er det like før. Eg kjenner meg privilegert til å vere ein del av delegasjonen og føler på ansvaret til å utvikle organisasjonen vår til den beste for medlemmane våre. Må innrømme, at eg «grugleder» meg.

Korleis har du opplevd arbeidet som delegasjonen har lagt ned inn mot landsmøte?

-Det var veldig lærerikt å arbeide tett saman med dei erfarne og kloke ringrevane våre som har vore på landsmøte tidlegare. Eg synes at arbeidet var godt organisert og at alle kunne finne sin plass i delegasjonen. Det kunne nok bli litt mykje filing og sliping på enkeltord og formuleringar i den politiske plattforma «Vi utdannar Noreg». Eg likte best dei meir grunnleggande politiske diskusjonane som vi også fekk plass til innimellom.

Vi spør og Sabine om det er noko ho gler seg særskilt til og kva ho er mest spent på.

-Faktisk det å kome inn i landsmøte-bobla. Det blir sikkert veldig intens og travelt, men ein blir også samansveisa i gruppa og i lag med andre. Eg håpar på mange diskusjonar med litt «temperatur». Vi er jo mange engasjerte sjeler som brenn for sakene. Valet er ekstra spennande i år. Og så er eg spent på om eg tør å ta ordet frå talarstolen.

-Partssamarbeid og at lærarane og barnehagelærarane må få nok tid til å utføre oppgåvene sine er sakar eg engasjerer meg i. Eg trur også at vi må tørre å tenkje nye tankar når det gjeld vurdering i skulen.

Korleis skal du lade opp før du reiser?

-Kanskje ein lang fjelltur er tingen? Men eg skal også finelese meir i årsmøtepapira og file på eventuelle  innlegg. Og så står kjolekjøp dessverre enda på to-do-lista mi.