Digitalt årsmøte 13. april

I går gjennomførte me det fyrste, og forhåpentlegvis siste, digitale årsmøtet i lokallaget. Heidi Rennestraum frå fylkesstyret heldt innlegg om grensegangen mellom profesjon og dugnad, ei problemstilling som har vore veldig aktuell heilt sidan koronaen endra skulekvardagen for eitt år sidan.

Det er ikkje det same å møtast digitalt, men me kom oss gjennom årsmøtet på ein grei måte og godkjende både årsmeldinga og rekneskapen for 2020, samt budsjettet for 2021. Budsjettet legg opp til at me kan gjennomføra fleire arrangement for medlemmane, så får me håpa koronaen ikkje stoppar oss gjennom heile 2021 og.
Noverande styre held fram, og består av følgjande personar:
Leiar: Eivind Bergo
Nestleiar: Sigrun Uppheim
Kasserar: Anne Marit Finne
Styremedlem: Sonja Haugland
Styremedlem: Linn Løvtangen Skeie
Hovudtillitsvald: Eivind Bergo
Vara htv: Sigrun Uppheim
Ny valnemnd:
Kristin Ohnstad
Anja Helen Bergo
Marius Vollan
 
Protokollen vert sendt ut per e-post når den er klar.
 
Eivind

Publisert: 14.04.2021