Sabine Exner blir tillitsvald i fylkeslaget

Publisert: 09.05.2023

Sabine blei vald til kontaktperson for vidaregåande opplæring i Utdanningsforbundet Vestland på fylkesårsmøtet 9.mai 2023. Det fører til at ho får ein ny og spennande jobb til hausten. Gratulerer og lukke til med det viktige vervet, Sabine!

Vidare vart fleire av tidlegare tillitsvalde gjenvalde: Steinar Strømsli frå Sunnfjord fortset som leiar, og Midrid Økland frå Osterøy som nestleiar. Anita Holm Cirotzki frå Bremanger er kontaktperson barnehage, Marit Himle Pedersen frå Stord blir kontaktperson grunnskule og Bjørn Olav Tveit frå Kvinnherad blir kontaktperson for leiarane. Linda Solhaug frå Bjørnafjorden blir 1.HTV i fylkeskommunen. I styret vil òg Heidi Rennestraum (Vik) og som 2.vara Stian Jakobsen (Sunnfjord) sitje dei neste 4 åra.