Kursdag for lokallagsstyret og klubbleiarane i oppvekst.

Publisert: 23.03.2023

14. april er me i Langesund på kurs saman med lokallaget i Skien. Temaet for dagen er vald og trugsmål i skule og barnehage.

Foredrag- og kurshaldar er Ole Andre Bråten som har 25 års erfaring frå konflikt- og krisehandteringsarbeid både på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Utfordringar kring temaet vald og trugsmål er ei aukande trend både i by og bygd, og det er naudsynt å ta dette på aller største alvor. Alle barn og unge treng gode, trygge rammer både heime og ute. Forebygging er alfa og omega, men når situasjonar eskalerer må me vera trygge på korleis me skal handtere det. Me som arbeider med dei unge har og rett på ein trygg arbeidsdag.

Klubbleiarane og styret vil koma att med ein kompetanse som vil vera til god nytte for arbeidsplassen og kommunen i det videre arbeidet med dette temaet.

Etter ankomst kvelden før, vil me dele oss i grupper og arbeide fram saker til politiske møte i mai.