Årsmøtet 2023 i ord og bilete

Publisert: 27.03.2023

Årsmøtet 2023 for lokallaget er historie. Me deler nokre bilde og ord frå kvelden.

Det var totalt 47 påmeldte til årsmøtet, det utgjer nesten 1/3 av medlemsmassen. Tommel opp til dykk! Leiar i lokallaget opna med nokre ord kring utfordringane våre kring rekruttering og å halde folk i jobb. Kva skjer med oss lærarar når 73% av Utdanningsforbundet sine medlemmar etter fjorårets lønsoppgjer,  seier dei har vurdert å finne seg ny jobb eller og faktisk har søkt seg ut av skulen?

Lars Kristian, nestleiar i UDF Vestfold og Telemark, var vår gjest og holdt ein appelerande tale til oss rundt profesjon og lønsoppgjeret til våren.

Etter årsmeldinga åt me buffet og dessert ut av milde.

Heidi, den syngjande inspektør på Åmot skule, sang tre nydelege countrylåter for oss før me starta opp att og gjekk gjennom resten av sakene. 3 av 3 innkomne saker vart sendt vidare til fylkesstyret for vidare utgreiing.

Leiar og nestleiar vart båe valt inn for ein ny periode. Anita Stenberg Mandt kjem inn som ny i styret etter Anita Aarhus Hansen.

Delegatar til fylkesårsmøtet vart valde.

Det var ein hyggeleg kveld med trivlege folk og gode diskusjonar.