Skulering av nye tillitsvalde

Publisert: 20.09.2023

EIn engasjert og dyktig gjeng var samla på TV1-kurset som for første gong i Nettverk 1 gjekk over to dagar.

Nettverk 1 har etterkvart fått ein tradisjon der vi har felles skulering for dei nye tillitsvalde. I år var det Utdanningsforbundet i Hareid, Ulstein, Herøy, Ørsta og Volda som deltok. For første gong vi hadde TV1 over to dagar. Evalueringa frå deltakarane var klar på at det var ein fin inngang til å bli trygg og bli kjende med kvarandre, og ein lærerik og fin inngang til rolla som tillitsvald. Og for ein flott flokk som deltok på kurset! Lærevillige, modige, kjekke og kunnskapsrike.

Målet for kurset var å: 

Bli kjend med lokallaget
Bli tryggare i rolla som arbeidsplasstillitsvald
Få enkel innføring i forskjellen mellom arbeidsplasstillitsvald og hovudtillitsvald
Få enkel innføring i aktuelt lov- og avtaleverk
Få kunnskap om Utdanningsforbundet som profesjonsorganisasjon og Lærarprofesjonen si etiske plattform
Bli kjend med informasjonskanalane i Utdanningsforbundet
Bli tryggare på å gjennomføra klubbmøte og engasjere medlemmer
Få enkel innføring i personvern