Kasserarkurs og lokallagskurs, 31. aug - 1. sep.

Publisert: 31.08.2023

Torsdag, 31. august, er kasserar og leiar i lokallaget på kasserarkurs og lokallagskurs på Scandic Lillehammer.

På kassererkurset torsdag går økonomiavdelingen på fylket gjennom retningslinjer for bruk av kontingentmidler, korleis ein skal føre riktig bruk av pengar på riktig plass - i tillegg til eit nytt system med fakturering som skal implementerast i løpet av hausten.

Lokallagskurset er det første for året, og fylkesleiinga ved leiar Thore Johan Nærbøe og nestleiar Torill Beitdokken snakkar om kva Utdanningsforbundets rolle er - og korleis vi kan og skal bruke organisasjonen.

Vidare skal fylkesstyremedlem Frode Jevne og Bjørn Martinsen snakke om "Tid for dei minste" og løftet vi ønsker i barnehagen; før det blir ei økt om lokale forhandlingar, kommunalt budsjettarbeid og landsmøtet 2023 ved leiar Thore Johan Nærbøe. Til slutt rundar ansatt på fylket, seniorrådgjevar Tone Stangnes Gjerstad og fylkesleiar Nærbøe av med temaet "Kommunikasjon i Utdanningsforbundet".