Kva er ein helsefremmande arbeidsplass?

Kva betyr eigentlig ein helsefremmande arbeidsplass? Og korleis kan du få det?

Kort fortalt kan ein seie at ein helsefremmande arbeidsplass fokuserer på korleis ein kan organisere arbeidet, skape eit arbeidsmiljø og ein samværskultur som gir god helse og utvikling for alle tilsette.

For å lukkas med dette må det på arbeidsplassen skje eit systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid som reduserer risikoen for sjukdom og ulykker. Det er svært viktig at ein har HMS som tema når tillitsvald og verneombod har møte med styrar/ rektor.

Merk at det helsefremmande perspektivet er breiare enn risikoperspektivet: Ein skal ikkje berre sikre seg mot uheldige forhold, men også aktivt rette søkelyset mot dei positive og helsefremmande faktorane i arbeidsmiljøet!

Korleis gjer ein det?

Ifølgje Arbeidstilsynet skapar du helsefremmande arbeidsplassar gjennom ein kombinasjon av å betre arbeidsorganiseringa og arbeidsmil-jøet, å fremme aktiv medverknad og motivere til personleg utvikling, ved å styrke meistringskjensla til dei tilset- te og skape eit meiningsfylt arbeid.

Ein helsefremmande arbeidsplass inneber at arbeidet blir organisert og tilpassa arbeidsevna, dugleiken, alderen, livssituasjonen og andre føre- setnader for den enkelte. Meistring er avgjerande.

Føremålet til arbeidsmiljølova er å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremmande og meiningsfull arbeidssituasjon. Denne skal gi full sikkerheit mot fysiske og psykiske skadeverknader, og ha ein standard for velferd som til kvar tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utviklinga i samfunnet.

Kva gjer at du får ein helsefrem- mande arbeidsplass?

Her er dei føreslaga Arbeidstilsynet kjem med slik at ein kan gjere arbeidsplassen helsefremmande:

  • eit fungerande helse-, miljø- og sikkerheitssystem
  • eit helsefremmande perspektiv forankra i leiinga
  • rutinar og praksis for å vurde- re helsekonsekvensar av ulike endringar i organisasjonen
  • aktivt arbeid for å fremme inkludering og førebygge utstøyting (IA)
  • etablert verneorganisasjon og partssamarbeid
  • fokus på prosessar og langsiktigheit
  • ein organisasjon som stadig ønsker å utvikle seg og medarbeidarane sine gjennom fagleg og personleg utvikling
  • moglegheiter for reell medverknad for alle
  • leiarar som har relasjonelle ferdigheiter, er tydelege og som anerkjenner medarbeidarane sine
  • arbeid og oppgåver som blir opplev- de som meiningsfylte, handterbare og forståelege

 

Ei anna sak ein bør tenkje på på arbeidsplassen, er kva som gjer at ein held seg friske og kva ein blir friskare av. Kva har ein av bevaringspunkt, kva fungerer bra og er noko ein skal behalde? I IA-bransjeprogram barnehage sitt verktøy BarnehageHMS blir desse punkta framheva som viktige for å fremme god helse:

  • involvering og moglegheit til å påverke
  • få ansvar og bli gitt tillit
  • oppleva meistring og kontroll over eigen arbeidssituasjon
  • oppleving av rettferd
  • god relasjon til leiar og kollegaer
  • bli sett, høyrd og verdsett

Kva om du ikkje har ein helsefremmande arbeidsplass?

Ta først kontakt med leiaren din og føreslå at de tek tak i dette temaet. Om du ikkje når fram, kontakt verneombod og tillitsvald. Verneombod og/eller tillitsvald bør be om eit møte med øvste leiar på arbeidsplassen din, vanlegvis rektor/styrer. Verneombod og/eller tillitsvald og øvste leiar bør så lage ein handlingsplan. Oppfølging av planen og iverksetting av tiltak er det arbeidsgivar som har ansvaret for, men det er viktig at tillitsvald og verneombod medverkar og at heile personalet vert involvert i prosessane.

Om ikkje det nyttar kan du kontakte Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet kontrollerer at verksemdene følger krava i arbeidsmiljølova og viser verksemder korleis dei kan gå fram for å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremmande og meiningsfylt arbeidssituasjon.

Nettstaden Idebanken.no ramsar opp tolv forskjellege teikn på kva som gjer ein arbeidsplass helsefremmande.

 

Dei er som følgjer:

1.      Forankring

2.     Medverknad

3.     Meistring

4.    Støtte og attendemelding

5.     Jamverdig og anerkjenning

6.    Utviklar kompetanse og dugleikar

7.     Fokus på ressursar

8.    Heilskapleg perspektiv

9.    Integrere det helsefremmande arbeidet

10.  Godt sosialt fellesskap

11.   Balanse mellom arbeid og privatliv

12.  Rom for å være seg sjølv

 

Les meir