Nettverkskurs for tillitsvalde i vaksenopplæringa

Tillitsvalde frå vaksenopplæringa møttes for å dele erfaringar og få opplæring i rolla som ATV. Det var også nokre hovudtillitsvalde som deltok, og her var det mykje læring frå sektoren.

Ofte startar ein med "Nytt og godt" frå eigen arbeidsstad. Fleire av lokallaga kunne melde at dei nå har fått på plass kontaktlærar i vaksenopplæringa. Det er kome mange flyktningar, ikkje minst frå Ukraina, og det gjer at det er eit aukande behov for å få fleire til å søke til slike stillingar. Ein stad har ein starta eit forsøk med intensivkurs i norskopplæringa, for å ruste dei vaksne til å møte samfunnet på ein best mogleg måte. 

Mange som no jobbar i Vaksenopplæringa har teke utdanning i norsk som andrespråk via KFK ordninga. Dette er veldig positivt. Ein plass har ein blitt gode på digitale verktøy, og kan tilby tenester til fleire stader og kommunar i heile Noreg. Dette gjer at fleire kan få eit raskt tilbod. 

Status med arbeidstidsavtalen SFS 2213

Det var tid for ei runde med korleis ein praktiserer arbeidstidordninga, etter forliket med KS i haust. Her var det litt variabelt korleis kommunane hadde sette i verk dette. Einskilde tillitsvalde meldar om at drøftinga verka å vere konkludert på førehand. Du kan lese meir om dette forliket her

Korleis skal Vaksenopplæringa vere organisert i Utdanningsforbundet? 

Det er ein diskusjon som vil halde fram heilt til Landsmøtet hausten 2023. I dag er Vaksenopplæringa organisert inn under Grunnskule, altså ikkje som ei eiga medlemsgruppe. Det kan vere fordelar og ulemper med dette. Einskilde vil at det skal vere ei eiga medlemsgruppe, eller bli stilt likt som leiarane i Utdanningsforbundet, med ein reservert plass i fylkesstyret, sentralstyret og lokallagsstyret. Det skal vere ei kartlegging kring dette som vil halde fram til påske. Kontaktperson for Vaksenopplæringa i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal Sirikit Vågen vil halde dei tillitsvalde og lokallaga orienterte om dette i tida framover.