Endringar i kontantstøtteperioden

Det viktigaste for Utdanningsforbundet er tilstrekkeleg budsjettering for å kunne tilsetje fleire barnehagelærarar, det vil seie at ein større del av dei tilsette må vere barnehagelærarar. Det viktigaste er at innhaldet i barnehagen vert om mogleg enda betre enn i dag.

Utdanningsforbundet har heilt sidan 1998 då kontantstøtta vart innført meint at kontantstøtta ikkje var til beste for barna og at han kunne undergrave rolla barnehagen skal ha i velferdssamfunnet. Dette synet har vi stått på sidan. Grunngjevinga vår er at barnehagen skal tene som ein god stad å vere også for dei mindre barna. Arbeidet for auka pedagogtettleik har vore eitt av svara for å kunne møte alle barn med profesjonell kunnskap om kva dei treng for å utvikle seg, lære og verte sosialisert med andre barn og vaksne. Det kan dessutan oppfattast som eit paradoks at ein skal kunne få ei offentleg godtgjering for ikkje å nytte eit velferdstilbod.

Ein annan effekt av stønaden er at den kan gjere det å kome attende til arbeidslivet vanskelegare for den av foreldra som blir heime utover vanleg foreldrepermisjonstid, som oftast kvinna. Det er med andre ord også eit likestillingsaspekt ved kontantstøtta.

Samstundes viser statistikk at i tida med kontantstøtteordning frå 1999 til no har stadig færre foreldre nytta ordninga. I mars 2023 var det 11.426 personar som fekk kontantstøtte. Det er det lågaste talet på mottakarar i marsmånad nokon gong. Samanlikna med mars 2022 var det 804 færre mottakarar, en nedgang på 6,6 prosent. Tal frå dei siste ti åra viser nesten ei halvering av talet på personar som får kontantstøtte.

Les mer: Uttale frå Utdanningsforbundet (pdf, 133 kB)