Framlegg til endringar i friskulelova om opplæring som vert gjennomført utan at læraren er til stades saman med eleven (fjernundervisning)

Det vert opplyst i høyringsnotatet at departementet tek sikte på å leggje fram ein proposisjon for Stortinget våren 2021 slik at eventuelle endringar i både opplæringslova og friskulelova kan setjast i verk hausten 2021.

Hovudsynspunkt

Utdanningsforbundet meiner at det i ein normalsituasjon bør kunne opnast for visse former for fjernundervisning. Utdanningsforbundet er samd med Kunnskapsdepartementet i at det kan vere tenleg med ei klargjering av når fjernundervisning kan nyttast både i friskular og i offentlege skular.

Utdanningsforbundet meiner samstundes at departementet si innramming av regelverket for fjernundervisning i friskulelova, og eventuelt tilsvarande for opplæringslova, er klart utilstrekkeleg.

Utdanningsforbundet støttar framlegget om ein heimel i lova til å gje forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.

Bakgrunn

Framlegget på høyring er avgrensa til friskular. Framlegget syner likevel til opplæringslovutvalet si utgreiing, NOU 2019:23 Ny opplæringslov, som omhandlar mellom anna fjernundervisning i offentlege skular. Både framlegget til ny tekst i friskulelova og resten av høyringsnotatet byggjer i stor grad på opplæringslovutvalet si utgreiing.

Sidan høyringsnotatet i så stor grad syner til og baserer seg på denne utgreiinga, vil også dette høyringssvaret ha referansar til denne utgreiinga.

Tidlegare vart innhaldet i omgrepet fjernundervisning tolka som både desentralisert undervisning, brevundervisning og nettbasert undervisning. Både opplæringslovutvalet og departementet definerer no fjernundervisning som opplæring gjennom tekniske hjelpemiddel som vert gjennomført utan at læraren er fysisk til stades saman med elevane.

Les hele høringsuttalelen her: Framlegg til endringar i friskulelova om opplæring som vert gjennomført utan at læraren er til stades samen med eleven (fjernundervisning). (pdf)