Dette er dei nye kontingentsatsane i Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet sitt landsmøte har vedteke å ikkje endre satsane, med nokre små justeringar.

Her finn du dei nye satsane

Ei av dei store sakene på førre landsmøte, i 2019, var kontingentsatsane. Då vart det med klart fleirtal vedteke å setje ned kontingenten, i tråd med tilrådinga frå sentralstyret.

I år hadde sentralstyret tilrådd at kontingentsatsane skulle halde seg uendra, med nokre små endringar, noko som fekk støtte frå eit fleirtal av dei 193 delegatane som stiller på landsmøtet til Utdanningsforbundet på Lillestrøm. Det tyder at vanleg kontingent vil vere på 1,25 prosent av brutto løn, men ikkje over 815 kroner per månad. Satsen vert regulert årleg i tråd med ramma i lønsoppgjeret i kommunal sektor for føregåande år.

Mellom dei innkomne endringsframlegga frå landsmøtedelegatane vart det mellom anna føreslått at det ikkje skulle vere nokon maksimal kontingentgrense, eventuelt at ho vart sett til 950 kroner i månaden. Ingen av framlegga fekk tilstrekkeleg tilslutning. Motsegnene frå landsmøtedelegatane handla hovudsakleg om at dette ville gjere det vanskeleg å rekruttere og behalde leiarmedlemmar. Framlegget frå ein av landsmøtedelegatane om at minste kontingent skulle settast til 70 kroner i månaden vart heller ikkje vedteke. Minstekontingenten vart i staden sett til 80 kroner per månad. Kontingenten var tidlegare på 52 kroner i månaden for pensjonistar, mens minstekontingenten var på 97 kroner. No er dei to altså samla til ein sats på 80 kroner månaden. 

Vidare vil medlemmar ha kontingentfritak første året etter avslutta grunnutdanning. Vanlege medlemmar som tek vidareutdanning på heiltid får også kontingentfritak om dei ikkje tek imot lønsytingar.

Studentmedlemmer vil framleis ha gratis medlemskap.

Medlemmar som arbeider utanfor Utdanningsforbundet sine innsatsområde, eller ved norske skular i utlandet, kan ikkje rekne med hjelp frå Utdanningsforbundet til å ivareta arbeidstakarinteressene overfor arbeidsgivar. Desse skal difor betale minstekontingent.