KS satsar ikkje på lærarane

Skal KS satse på elevane, må dei satse på lærarane. Det er det diverre ingen ting som tyder på at dei gjer i dag, skriv Steffen Handal i Dag og Tid.

Hvorfor streiker vi? Hvor streiker vi? Hva er siste nytt? Her finner du alt om streiken

Tor Arne Gangsø, direktør for arbeidsliv i KS, skuldar i Dag og Tid 1. juli lærarorganisasjonane for å måle med for brei pensel om resultatet i årets tariffoppgjer. Utdanningsforbundet meiner derimot det er heilt naudsynt å ta fram den største penselen og vise heile biletet - når tala frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjeret (TBU) syner at lærarane har vore lønstaparar seks år på rad. Årets oppgjer ville ikkje endra det biletet. Lærarane sitt klare svar til KS er at det er nok no.

Mer om lærerstreiken 2022

Sjølv om det er rett at dei nyutdanna kommunetilsette, også lærarar, får meir som følge av årets oppgjer, kan ikkje Utdanningsforbundet stå å sjå på at dei med høgst utdanning og lengst erfaring i skulen i år etter år sakkar akterut i høve til andre tilsette i kommunen med like lang utdanning.

Eit anna forhold som syner korleis dei røynde og lengstutdanna lærarane vert nedprioritert er tilhøva i fylkeskommunane. Her er over halvparten av stillingane lærarstillingar. Lærarane sin svake lønsvekst gir fylka eit billegare oppgjer enn primærkommunane. Ein kan seie at dei «sparar» pengar. Det skjer fordi fleirtalet av arbeidstakarane i fylkeskommunane er lærarar, mange med lang utdanning og høg ansiennitet.

Å verdsetje læraryrket er ikkje berre å gjere skulen til eit attraktivt yrkesval, men og eit attraktivt yrke å bli i. KS skaper ikkje morgondagens skule med gårsdagens lærarlønningar og ei klar nedprioritering av lærarane.

Utdanningsforbundet kan ikkje stå å sjå på at dei med høgst utdanning og lengst erfaring i skulen i år etter år sakkar akterut i høve til andre tilsette i kommunen med like lang utdanning.
Steffen Handal, leder i Utdanningsforbundet

Det er lærarkrise og skal kommunane og skulane halde på dei mest erfarne lærarane må læraryrket vere attraktivt òg for dei med lengst utdanning og lang fartstid. Desse er attraktive i dagens arbeidsmarknad og kan gå til det private med monaleg høgare løn.

Utdanningsforbundet sine medlemmer er svært uroa over at det står for mange utan lærarutdanning og underviser i klasserom. KS hevdar desse er jamgode med lærarar med fagkompetanse og pedagogisk kompetanse. Dei skjuler seg bak unntaksføresegna sine formuleringar om kompetanse i forskrifta til opplæringslova.

Men dette er vage formuleringar om «tilsvarande fagleg og pedagogisk kompetanse». Kva dette tyder er det heilt opp til kvar einskild skuleleiar å definere. Når KS bombastisk slår fast at «dei er kvalifiserte etter lova» veit dei godt at det er høgst uklart korleis forskriftsformuleringane skal tolkast. Gangsø skriv at KS sitt syn er «i tråd med nasjonale politiske rammer», vel vitande om at praktiseringa av forskrifta har vore tema i arbeidet med opplæringslova, og at opplæringslovutvalet anerkjente at det var trong for å klårgjere reglane i forskrifta.

Skal KS satse på elevane, må dei satse på lærarane. Det er det diverre ingen ting som tyder på at dei gjer i dag.

Innlegget ble først publisert i Dag og Tid (ekstern lenke).