Fagfornyinga – profesjonsutvikling og partsamarbeid. Diskusjonssamling og samandrag av artiklar frå Bedre Skole 4/2020

Fagfornyinga – fornyinga av Kunnskapsløftet – har store ambisjonar for elevane si læring, danning, utvikling og medverknad. Fagfornyinga skal også bidra til motivasjon, meistring og lærelyst.

Last ned Fagfornyinga – profesjonsutvikling og partsamarbeid. Diskusjonssamling og samandrag av artiklar frå Bedre Skole 4/2020 

Fagfornyinga inneber krevjande, men også spennande utfordringar for lærarar, tillitsvalde og leiarar i skulen. Fagfornyinga legg til grunn nye prinsipp for opplæringa med ny overordna del, nytt kompetanseomgrep, djupnelæring, tre tverrfaglege tema, ny innretning på kompetansemåla og verdiløft i alle fag.

Lærarprofesjonen har eit stort ansvar for aktiv medverking i fornyinga av læreplanverket. Det er no lærarar og leiarar skal gjere læreplanverket om til god praksis. Utdanningsforbundet vil sikre at fagfornyinga vert iverksett nedanfrå og innanfrå – i profesjonsfellesskapet og i undervisninga der læraren møter klassen og enkelteleven. Medråderett og godt partssamarbeid på skulane er ein viktig føresetnad for å sikre at profesjonsfellesskapa medverkar i det faglege og pedagogiske utviklingsarbeidet på arbeidsplassen.

Som eit av fleire tiltak for å støtte medlemmar og tillitsvalde i utviklingsarbeidet om nye læreplanar, har Utdanningsforbundet og Bedre Skole samarbeidd om å presentere fagartiklar som drøftar sentrale sider ved fagfornyinga. Artiklane i sin heilskap er samla i ein eigen publikasjon, Fagfornyinga – profesjonsutvikling og partsamarbeid. Artikkelhefte med særtrykk av artiklar i Bedre Skole 4/2020.  

Dette diskusjonsheftet inneheld eit samandrag av artiklane i tillegg til nokre refleksjonsspørsmål for kvar artikkel. Vi vonar at diskusjonsheftet vert til nytte og inspirasjon som grunnlag for diskusjon og refleksjon i det lokale arbeidet i skulen; i lærarkollegium, på klubbmøte og i andre samanhengar.

Les mer om Fagfornyinga.