Ny rapport: Auke i skulefråværet

Steffen Handal er uroa over fråværstala som kom fram i dag. – Som samfunn må vi ta på alvor at ein del barn og unge treng ein type støtte og oppfølging dei ikkje får i dag.

Utdanningsdirektoratet (Udir) offentleggjorde torsdag ein rapport som har sett nærare på skulefråværet etter koronapandemien. Tala viser at elevar i tiandeklasse i snitt hadde åtte dagar og seks timar fråvær siste skuleår, to dagar og éin time meir enn i 2018/2019.

Mange skuleleiarar fortel også at dei opplever at fråværstala har auka.

Tala og tilbakemeldingane uroar leiar for Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

– Det er urovekkjande at skuleleiarar og skuleeigarar opplev at skulefråværet aukar, og at årsakene til fråvær ser ut til å vere meir alvorlege enn tidlegare. Som samfunn må vi ta på alvor at ein del barn og unge treng ein type støtte og oppfølging dei ikkje får i dag.

Rapporten gir ingen klare svar på kvifor fråværet aukar, men skuleleiarar og skuleeigarar peiker på at hovudsakleg individuelle og personlege faktorar synest å vere årsaka. Psykisk uhelse er mest utbreidd her. Det er færre, særleg blant skuleleiarar, som svarer at skulefråværet kjem av sosiale faktorar eller skulemiljø. Fleire nemner også ein annan tilnærming til å vere heime frå skulen ved lettare fysiske symptom etter koronapandemien.

Vil ikkje spekulere

Handal meiner det er klokt å ikkje spekulere for mykje i årsakene, men i staden gjere ytterlegare undersøkingar for å få sikre svar.

– Årsakene er garantert komplekse, og vi vil støtte tiltak som kan gi oss meir kunnskap om kva auka fråvær skuldast, seier leiar for Utdanningsforbundet.

Samstundes understrekar han at det er nokre tiltak som kan gjerast for å få ned fråværet og sikre større nærvær.

– Alle barn og unge må vere inkluderte og oppleve tryggleik og fellesskap i skulekvardagen, her gjer skulen ein svært viktig jobb.

– I rapporten kjem det fram at foreldre og føresette medvite vel å flytte barna over på mindre skular ved bekymringsfullt fråvær. Mindre gruppestorleik og auka lærartettleik vil difor vere viktig, også for å førebygge skulefråvær. Samstundes må vi igjen minne om kor viktig det er med lærarar med godkjent lærarutdanning i klasseromma, spesielt for dei som synest det kan vere vanskeleg å kome på skulen. Desse lærarane har utdanning i korleis dei kan bygge gode relasjonar til elevane og deira føresette, ei kompetanse som dessverre ikkje alle som står i klasseromma i dag har, minner Handal om.

Styrke laget rundt eleven

I rapporten vert det òg påpeika at ei styrking av laget rundt elevane og lærarane kan vere ein annan veg å gå: «Det blir altså påpekt av flere informanter at fraværsproblematikken ikke kan løses av lærere alene, og at skolen har behov for sterkere elevtjeneste og høyere sosialfaglig kompetanse, for eksempel ved å få flere miljøterapeuter, rådgivere, psykologer og helsesykepleiere inn i skolen for å lette lærernes arbeidsmengde. Igjen vektlegger informantene at håndteringen av bekymringsfullt fravær er tidkrevende, og at totalbelastningen blir for stor for lærerne.», står det i rapporten til Udir.

– Vi ser tydelege indikasjonar på ei auking i psykisk uhelse og det som kan kallast langtidsverknader av koronatida. Dette kan ikkje lærarane løysa aleine, vi er òg avhengige av eit godt fungerande støtteapparat utanfor det ordinære skuletilbodet.

– Å styrke laget rundt eleven har vore ei fanesak for oss i mange år. Større løyvingar til andre yrkesgrupper i skulen, til dømes sosiallærarar og helsesjukepleiarar, og å styrke BUP og PP-tenesta, vil kunne redusere sjansen for auka skulefråvær, poengterer Handal.

Her kan du lese pressemeldinga til Udir, samt heile rapporten.

 

Sitert

Avbildet: Steffen Handal
Steffen Handal

leder av Utdanningsforbundet