Lønns- og arbeidsvilkår for rådgjevarar og karriererettleiarar

Sidan det er lite nasjonale føringar og rammer for arbeidet til rådgjevarar og karriererettleiarar arbeider mange under ulike vilkår – og har ulike ressursar knytt til arbeidet sitt.

Det er opplæringslova § 9-2 og og tilhøyrande forskrift §22-1, §22-2, § 22-3 og §22-4 som regulerer arbeidsgivar si plikt til å gje elevane både utdanningsmessig, yrkesmessig og sosialpedagogisk rådgjeving. Forskrifta gjev ei beskriving av dei plikter skulen har ovanfor elevane. Det er desse pliktene som er utgangspunktet for arbeidet til rådgjevaren i skulen.

Opplæringslova set ingen bestemte utdanningskrav til den som skal utføre rådgjevingstenestene, men det blei i 2009 utarbeidd «Anbefalt formell kompetanse og veiledende kompetansekriterier for rådgivere» av Utdanningsdirektoratet. I tillegg kompetansestandardar for dei som arbeider med karriererettleiing.

Lærarar som utdannings, -og yrkesrådgjevarar og sosialpedagogiske rådgjevarar

Om det er lærarar som er rådgjevarar er disse som regel tilsett på lærarvilkår (kapittel 4), ved at dei utfører si rådgjevarteneste som ein del av si stilling. Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonale, SFS 2213 definerer både tidsressursar og funksjonstillegg for rådgjevarar, men som minimumssatsar. Arbeidsgjevar står altså fritt til å bestemme ein høgare ressurs. Det har ikkje vore store endringar i tidsressursen sidan midten av 70-tallet, utanom ei mindre justering i 2006. 

Det som står som minimumsressurs i dagens SFS 2213 er: 38 årsrammetimer per påbegynt 25 elev + 5 % ressurs per skole.

Lønning av lærarar som utfører rådgjevingsteneste følger bestemmingane for lærarar i tariffavtalen basert på kompetanse og ansiennitet.

Utdannings-, yrkesrådgivarar og sosialpedagogiske rådgjevarar tilsett på kommunale vilkår

Utdannings- og yrkesrådgjevarar og sosialpedagogiske rådgjevarar kan også vere tilsett på alminnelege kommunale vilkår. For tilsette på desse vilkåra gjeld ikkje bestemmingane i Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonale, SFS 2213. Då gjeld eit normalarbeidsår som for andre kommunalt tilsette.

Lønn er her i KS-området basert på enten Hovudtariffavtalen kapittel 4 eller kapittel 5. Om du er tilsett i stilling i kapittel 5, er du omfatta kunn av lokale lønnsforhandlingar ein gang pr. år. Rådgjevarar, tilsett i kapittel 4, blir lønna etter Hovudtariffavtalen sine bestemmingar basert på kompetanse og ansiennitet.