Vår politikk

Utdanningsforbundet meiner det er sentralt å styrke det heilskaplege systemet for livslang rådgjeving og karriererettleiing, i alle ledd.

Rådgjevarar jobbar innan eit komplekst og samansett område som har grenseflater til ulike sektorar, og forsking viser at dei har eit stadig aukande omfang av komplekse oppgåver å utføre.

Rådgjevaren skal gje informasjon, rettleiing og oppfølging slik at eleven finn seg til rette på skulen. Vidare skal rådgjevaren hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar, og til å sjølv å ta avgjerd i tilknyting til framtidige yrkes- og utdanningsval utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.

Rådgjevinga skal medverke til å utjamne sosial ulikskap, førebyggje fråfall og integrere etniske minoritetar. For at rådgjevinga skal bli best mogleg for eleven, skal skulen ha eit heilskapleg perspektiv på eleven og sjå den sosialpedagogiske rådgjevinga og utdannings- og yrkesrådgjeving i samanheng. (Kjelde: Forskrift til opplæringslova, kapittel 22).

Vår politikk

Utdanningsforbundet meiner det er sentralt å styrke det heilskaplege systemet for livslang rådgjeving og karriererettleiing, i alle ledd. Tenestene skal henge saman og bygge på kvarandre, og styring og organisering av rådgjeving- og karriererettleiingsfeltet må bli sett i samanheng med den større kompetansepolitikken.

Les også: Dette er Utdanningsforbundet sin politikk på området