Internasjonale testar og undersøkingar

Utdanningsforbundet er spesielt opptatt av å løfte fram kva internasjonale samanlikningar som PISA, PIRLS og TIMSS kan vise, og kva dei ikkje kan vise.

Utdanningsforbundet er ikkje motstandar av testar og undersøkingar i seg sjølv, men meiner at:

  • Internasjonale samanliknande undersøkingar ikkje er ein dom over kvaliteten på norsk skule, og må bli lest og brukt med varsemd.
  • Skulen har eit stort samfunnsoppdrag, og fleire av dei internasjonale undersøkingane viser berre ein liten del av dette. Eit bredt kunnskapssyn må vere grunnlag for politikkutvikling for ei betre utdanning. 
  • Tilstand i form av målte prestasjonar eller resultat har liten forklaringskraft og gjev dermed også oftast eit svakt grunnlag for forandring og betring.
  • Utdannings- og opplæringssystem er svært forskjellige i struktur, organisering og innhald, og er difor vanskelege å samanlikne på tvers av land. Dessutan er utdanning sterkt knytt til kultur og historie. Ei slik erkjenning manglar i media og politikarar sine tolkingar av resultat frå internasjonale undersøkingar. 

Uro for aukande omfang

Norge deltek i stadig fleire internasjonale samanliknande undersøkingar. Lærar-organisasjonane har lenge uttrykt uro for det aukande omfanget av internasjonale testar og måten dei blir brukt og misbrukt i nasjonal politikkutvikling. Nasjonalt og internasjonalt har lærarorganisasjonar og fleire forskarar peika på at undersøkingane berre måler delar av ein kompleks heilskap, og at det er urovekkande om enkeltstudiar legg hovudpremissane for skuledebatten, og om resultata blir brukt som legitimering for innføring av omfattande reformer i utdanningssystemet. Gjennom media og politikarane sin bruk av resultata får også undersøkingane stor innflytelse på folk sine oppfatningar av skulen.

Lærarane må bli tatt med

Vi ser til eksempel at PISA (Programme for International Student Assessment), som ikkje bygger på nasjonale læreplanar, ofte blir brukt som grunnlag for rangering og som ein objektiv indikator for kvalitet i skuleverket, noko som gjev ei uheldig innsnevring av kva god utdanning handlar om. Education International (EI) har difor, på ulike måtar dei seinaste åra, arbeida for at lærarar, gjennom sine fagforeiningar, skal bli tatt med i utviklinga av PISA, for at fokuset skal bli retta mot elevane og deira moglegheit for læring og utvikling. EI har dessutan utvikla forslag til endringar i den måten PISA-resultat blir rapportert på.

Resultata må takast på alvor

Utdanningsforbundet er spesielt opptatt av å løfte fram kva slike internasjonale samanlikningar kan vise, og kva dei ikkje kan vise. Utdanning er komplekse aktivitetar der dei samla resultata ikkje lett kan bli målt og vekta. Utdanningskvalitet må først og fremst bli sett i samanheng med heilskapen i det nasjonale læreplanverket. Likevel er det klart at resultata også skal takast på alvor. Lesing er eksempelvis grunnlaget for svært mykje av anna læring. Difor er det urovekkande når mange elevar i den norske skulen har for dårlege ferdigheiter i lesing, slik både PIRLS (The Progress in International Reading Literacy Study) og PISA tyder på.

Generelt kan spørsmål om kvaliteten i skulen ikkje bli knytt til dei internasjonale undersøkingane aleine, snarare må ei eventuell uro rundt utdanninga sin kvalitet bli basert på at resultata saman med for eksempel klasseromforsking eller ressursutvikling peikar i feil retning. Der finnast eit rikt tilfang av lokale eller «small data» som også bør vere utgangspunkt for arbeid med å utvikle gode skular og barnehagar.

Sjølvrapportert bakgrunnsinformasjon

Fleire av dei internasjonale undersøkingane, som til eksempel PISA og TIMSS (Trends in Mathematic and Science Study) ser nærare på sjølvrapportert bakgrunnsinformasjon i tillegg til testresultat, som sosial bakgrunn, skulemiljø, lærarkompetanse osv. Og det blir vist til samanhengar mellom desse variablane. Problemet er at det er vanskeleg å trekke slutningar om årsakssamanhengar som forklarer eventuell framgang og tilbakegang i resultat. Korrelasjonar seier ikkje noko om årsakssamanhengar, noko som ofte blir oversett i framstillinga av resultat av styresmakter og presse. I fleire internasjonale undersøkingar er det også berre mogleg å få data på nasjonalt nivå, og det er derfor vanskeleg å bruke resultata som grunnlag for å endre og utvikle undervisning knytt til einskilde fag, mål og for den enkelte elev.

Lærarundersøkinga TALIS

Ei anna undersøking er TALIS, som er OECD si samanliknande undersøking «Teaching and Learning International Survey». Formålet er å samle tilbakemeldingar frå lærarar og skuleleiarar om ulike faktorar som påverkar utøving av lærar- og leiarrolla. Undersøkinga føyer seg inn i rekka av OECD-prosjekt på utdanningsfeltet som bygger på subjektive vurderingar frå hovudaktørane i utdanningssektoren. Gjennom TUAC og EI har lærarorganisasjonane hatt større innverknad på utforminga av TALIS-undersøkinga enn dei fleste andre OECD-prosjekta på utdanningsområdet. Sjølv om temaområda og spørsmåla som OECD har enda opp med i undersøkinga ikkje er dei same som lærarorganisasjonane ønskja å prioritere, har arbeidet likevel ført til at undersøkinga også inkluderer spørsmål som det er viktig for lærarorganisasjonar å få fram i lyset.

Det blei tidleg klart at Norge ville delta i undersøkinga, men det har samtidig blitt slått fast at vidare støtte frå Utdanningsforbundet er avhengig av at skulane sine resultat i PISA ikkje blir kopla til TALIS. Mange av forskingsspørsmåla kan opne opp for enkle instrumentalistiske årsakssamanhengar og marknadsorienterte indikatorar på effektive skular. Ei kopling av skulane sine resultat frå PISA og TALIS vil opne opp for sterkare fokus på eindimensjonale forklaringar om samanhengen mellom klasseromspraksis (TALIS) og elevane sitt læringsutbytte (PISA).  Norge deltar nå også i TALIS Starting Strong Survey, som er ei tilsvarande undersøking for barnehagetilsette, frå 2018. Utdanningsforbundet var ikkje involvert i avgjerda om deltaking, men sit i ei referansegruppe for undersøkinga. Utdanningsforbundet har vore skeptisk til denne undersøkinga fordi  barnehagesektoren i enda større grad enn skulen er forskjellig i ulike land. Det gjeld både organisering, finansiering og styring, men også i høy grad innhald kultur- og verdisyn.

Må framheve det som er bra i norsk skule

Ei av dei viktigaste oppgåvene til Utdanningsforbundet er å framheve og bevare det som faktisk er bra ved norsk skule. Der finnast også internasjonale undersøkingar som viser elevresultat på eit breiare spekter av mål, som for eksempel International Civic and Citizenship Education Study (ICCS). Samanlikna med andre land trivast norske elever godt på skulen og opplever at dei har eit godt skulemiljø. Dei er relativt kreative og sjølvstendige, har god demokrati- og likeverdsforståing, og svært mange går vidare til høgare utdanning. I arbeidet med å styrke opplæringa må vi difor ikkje gløyme å ta vare på dei gode kvalitetane i norsk skule.

  • PISA (Programme for International Student Assessment)  Om ferdigheiter til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag.
  • TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) Om ferdigheiter til elevar på 5. og 9. trinn i matematikk og naturfag.
  • TIMSS Advanced. Om elevane si  kompetanse i matematikk og fysikk siste året i vidaregåande skule.
  • PIRLS (Progress in International Reading Literacy Study). Om ferdigheiter til elevar på 5. trinn i lesing.
  • TALIS (Teaching and Learning International Survey). Om lærarane si oppleving av eigen kompetanse.
  • TALIS Starting Strong Survey (TALIS 3S) Om kvardagen til dei tilsette i barnehagen.
  • ICCS (International Civic and Citizenship Education Study) Om elevar på 9. trinn si  forståing av demokrati og medborgarskap.
  • ICILS (International Computer and Information Literacy Study) Om elevar på 9. trinn si digitale kompetanse.
  • PIAAC (Programme for The International Assessment of Adult Competences) Om ferdigheiter til vaksne i lesing, tallforståing og problemløsing.
     

Kilde: Utdanningsdirektoratet