Dette er god praksis for lekser

LEKSER: Utdanningsforbundet meiner den beste måten å oppnå god leksepraksis på er gjennom samarbeid mellom lærarar, skuleleiarar, elevar og foreldre.

Utdanningsforbundet ønsker inga detaljstyring av leksene på den enkelte skule. Vi meiner den beste måten å oppnå god leksepraksis er særleg gjennom seks prinsipp.

Lekser er stadig til debatt i ulike fora. Utdanningsforbundet meiner viktige prinsipp frå Opplæringslova og Overordnet del av læreplanverket må ligge til grunn i debatten om lekser.

Vi meiner at lærarane og skulen har hovudansvaret for opplæringa til elevane. Samstundes meiner vi at den beste måten å oppnå god leksepraksis på er gjennom samarbeid mellom lærarar, skuleleiarar, elevar og foreldre.

Utdanningsforbundet tenkjer at desse seks hovudprinsippa bør ligge til grunn for dette samarbeidet:

Hovudprinsipp

  1. Det må vere heilskap og samanheng i opplæringa, og lærarane må ha ei pedagogisk grunngjeving for å gi lekser.
  2. Læraren har ansvaret for at oppgåver som blir gjeve er tilpassa elevane og relevante for opplæringa.
  3. Det må vere rom for kritisk refleksjon og diskusjon i lærarkollegiet om leksepraksis ved eigen skule.
  4. Medverknaden til elevane i opplæringa er særleg viktig i diskusjonar om lekser.
  5. Eit godt heim-skule-samarbeid er viktig for å finne ein god leksepraksis
  6. I samarbeidet om leksepraksis er det viktig å ha ein dialog om tidsbruk, og respekt for fritida til barn og unge.

Hovudansvaret

I tråd med desse hovudprinsippa meiner Utdanningsforbundet at det er lærarane og skulen som har hovudansvaret for opplæringa til elevane, og at opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen.

Elevane skal også erfare at dei blir lytta til i skulekvardagen, at dei har reell innverknad, og at dei kan påverke det som angår dei. Dette gjeld og arbeid med faga.

Lærarane må tenke over kva, korleis og kvifor elevane lærer, og korleis dei best mogleg kan leie og støtte elevane si læring, utvikling og danning. Lærarar som i fellesskap reflekterer over og vurderer planlegging og gjennomføring av undervisninga, utviklar ei rikare forståing av pedagogisk praksis.

Opplæringa skal gje utfordringar og fremje lærelyst, og oppgåver som blir gjeve må derfor vere tilpassa elevane og vere relevante for opplæringa.

I skulekvardagen

I praksis betyr dette at leksepraksisen ved den enkelte skule må vere ein del av den pågåande pedagogiske debatten i lærarkollegiet. Her må det vere rom for både kritisk refleksjon og diskusjon.

Både leksefri skule og bruk av heimelekser må sjåast i samanheng med korleis skulen elles organiserer opplæringa.

Lærarprofesjonen har også metodeansvaret når det gjeld opplæringa, og bruk av heimelekser er ein del av den pedagogiske verktøykassa.

Utdanningsforbundet synest at pålagt heimearbeid, lekser, må vere pedagogisk grunngjevne. Og leksene må også ligge på eit nivå som gjer at eleven meistrar oppgåvene utan hjelp.

Eit godt heim-skule-samarbeid er viktig for god leksepraksis, og leksene må bli tilpassa kvardagen til elevane. I samarbeidet om leksepraksis er det viktig å ha ein dialog om tidsbruk, og respekt for fritida til barn og unge.

Elevmedverknad inneber å ta innspel frå elevane på alvor, også når det gjeld lekser. Bruk av heimelekser skal motivere til lærelyst og heve kunnskapsnivået. Leksene skal med andre ord ikkje verke demotiverande for læringa til elevane.

Her kan du høyre på podkasten Lærerrommets episode om lekser