Satsar på barnehage i Hå og Halden

Hå og Halden er kommunar som har brukt dei ekstra midlane frå regjeringa til auka bemanning. – Eg vil rose politikarane for at dei tør å satse, seier styrar Lars Harald Heskestad.

Han seier det ikkje er sjølvsagt i ein kommune som Hå.

– Hå er den kommunen i Rogaland med lågast skatteinngong. Dei kunne hatt mange gode grunnar til å bruke pengane andre stadar. Men politikarane er opptekne av barnehage og tidleg innsats, fortel Lars Harald Heskestad. Han er styrar i Motlandsmarka barnehage, som har 105 barn og 35 tilsette.

I budsjettforhandlingane med Arbeiderpartiet og Senterpartiet i fjor haust, fekk SV gjennomslag for 550 millionar kroner ekstra til kommunane som skulle gå til auka bemanning. Frå før var partia einige om 250 millionar.

800 millionar kroner av rammetilskotet for 2025 skulle dermed gå til auka bemanning i barnehagane. Summen tilsvara rundt eitt tusen barnehagelærarårsverk. Men pengane vart ikkje øyremerka, og det har dermed vore opp til kommunane å sørgje for at pengane faktisk gjekk til bemanning i barnehagane. Her kan du sjå kor mykje din kommune har fått ekstra:

– Avgjørende å følge hver eneste krone

Meir tid til pedagogisk utvikling

I Hå hadde politikarane allereie løyva litt ekstra til barnehagane gjennom fleire år i samband med at pedagogtettleiken skulle aukast. Dette kan du lese om her:

Politikarane i Hå løyva ekstra pengar til vikar i plantida

Fordi politikarane allereie hadde gitt ekstra pengar til barnehagane i Hå, var Heskestad spent på om pengane denne gongen ville kome barnehagane til gode.

– Men dei valde å leggje pengane til den auka løyvinga til barnehagane. Politikarane seier at dei pengane dei investerer nå i tidleg innsats, får dei att seinare, seier Heskestad.

Til saman utgjer dei ekstra løyvingane frå kommunen ei heil stilling.

– Om du ser på det store behovet, kan ein tenke at det er ganske lite når vi har over 30 tilsette. Men det betyr at vi til dømes kan styrke bemanninga to korte dagar på ei avdeling. Det gjev meir armslag til dei viktigaste oppgåvene, seier styraren, som har jobba systematisk med utvikling i barnehagen dei siste åra.

– Vi har prøvd å identifisere hindera for å ta plantid eller å gjennomføre dei pedagogiske måla vi har satt oss. Fråvær i barnehagane er ein trussel for det pedagogiske arbeidet. Vi har fått vekk nokre av desse hindera for kvalitet i kvardagen, fortel styraren. Han fortel at litt meir ressursar gjev rom for fleire ulike løysingar som passar for barnehagane.

Ekstra bemanning på tur

Elise Skrivervik er dagleg leiar i Bollerød FUS barnehage i Halden. Hennar barnehage mottok 170 929 kroner til auka bemanning, noko som svarar til omkring 470 timer med ekstra bemanning eller om lag 60 dagar med ekstra bemanning i 7,5 time.

Elise Skrivervik er dagleg leiar i Bollerød FUS barnehage i Halden. Foto: Privat

– Midlane har gjort at vi har moglegheit til å sette inn vikar ved korttidsfråvær, bemanne opp på dagar kor det er ekstra fint å være fleire hender, for auka tryggleik på turar, eller når personalet deltek på kurs eller møter, fortel ho.

Dette gjer det mindre belastande for dei tilsette som står tilbake på arbeidsplassen i andre sitt fråvær, eller ei større ro når dei kan bemanne opp og vere fleire hender ein heilt vanleg barnehagedag. Ho peikar og på at barnehagen skal vere ein helsefremmande og utviklande arbeidsplass.

– Ein dråpe i havet

– Barna fortener å vere omgitt av trygge, gode vaksne som er bevisst det ansvaret profesjonen vår har. Derfor må det bli satsa på ei betre bemanningsnorm enn den vi har i dag. Tilskotet er kjærkome, og vi er absolutt takknemlege for verdsettinga av behovet frå regjeringa si side. Dei tar steg i riktig retning – men det er ein dråpe i havet, ifølgje Skrivervik.

Ho håpar politikarane innser at det er pengar å spare på andre områdar, om dei satsar på barnehage. 

– Det har aldri vore fleire unge vaksne som faller utanfor i samfunnet vårt, noko som kostar mykje pengar. Eg er heilt sikker på at statistikken ville vore annleis, dersom regjeringa hadde gjort ei større satsing på kvalitet i form av ei betre bemanningsnorm og eit større samsvar mellom rammer, krav og ansvar enn det vi har i dag.