Politikarane i Hå løyva ekstra pengar til vikar i plantida

– Vi kjenner oss heldige, seier styrar Cathrine Telstø Pedersen i Måken barnehage i Hå kommune, som er svært fornøgd med ordninga.

Ho innrømmer at ho ikkje hadde særleg tru på at det skulle bli noko av, då ho høyrde om det for første gong på årsmøtet til Utdanningsforbundet i Hå tilbake i 2018. Det var nemleg Utdanningsforbundet i Hå som foreslo ordninga for politikarane.

– Eg hugsar at eg tenkte «Oi, blir det, kommer det til å skje?». Eg tenkte at dette berre var store ord, ler Cathrine Telstø Pedersen, som har vore styrar i Måken barnehage sidan 2020. Ho har sjølv lang erfaring som barnehagelærar og som tillitsvald.

– Det har vore til stor hjelp å få inn denne ekstra ressursen. Belastinga på pedagogane blir ikkje så stor, og dei treng ikkje kjenne på dårleg samvit når dei går frå avdelinga for å ta ut plantida. Det hjelper mykje på energien, og hindrar slitasje på folk.

I hennar barnehage organiserer dei det slik at ein pedagog tar ut sine fire timar plantid på føremiddagen, og ein annan tar ut timane på ettermiddagen. På den måten kan ein vikar jobbe ein heil dag, men på to ulike avdelingar.

Det har vore til stor hjelp å få inn denne ekstra ressursen.

Styrar Cathrine Telstø Pedersen

Måken barnehage har fire avdelingar, om lag 50 barn og fem pedagogar. Ein barnehagelærar skal ha fire timar plantid i veka.

– Vi har tilsett faste vikarar for eit heilt barnehageår om gongen. Det er eit stort puslespel, men med god planlegging er det også lettare å vike frå planen om noko oppstår.

Starta med ein million

Karen Elise G. Fossen er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Hå, og har jobba for auka midlar til barnehagane i årevis. Hå kommune har til saman 16 barnehagar, 13 av dei er kommunale. Medlemane i barnehagane rapporterte stadig oftare problem med å ta ut plantid, nokre gonger var det heilt umogleg. Barnehagelærarane tok ofte tida på dugnad heime på kveldane, og det var ingen ordning for å skrive overtid.

Ho fortel at det starta med at dei tok kontakt med politikarane, fekk snakka med dei og forklart dei korleis verkelegheita er i barnehagane.

– Vi teikna og dramatiserte og fortalde korleis barnehagekvardagen kunne vere. Vi oppsøkte dei ulike politiske gruppene for å snakke med dei. Dei var interesserte og spurde: Kva kan vi gjere? Kva treng de av vikarressurs for å kunne sette inn folk når pedagogane går på plantid?

Det året løyva politikarane ein million til barnehagane sine budsjett i 2019. Sidan 2020 har midlane vore ein eigen budsjettpost og ligg no i langtidsbudsjettet. Politikarane har gradvis auka løyvingane, og i år får barnehagane i Hå 2,5 millionar til vikarar, slik at pedagogane kan ta ut plantida utan at det går ut over bemanninga.

Karen Elise G. Fossen er hovudtillitsvald i Hå kommune og har jobba for auka ressursar til barnehagane i fleire år. Foto: Privat

Håpar ordninga vil halde fram

Ho håpar og trur at ordninga vil fortsette også etter kommunevalet.

– Eg ser i partiprogramma at politikarane har fanga dette opp, med økt bemanning, tidleg innsats og så vidare. Og midlane ligg i langtidsbudsjettet. Eg vil like å sjå den som tør å gå inn og seie at den budsjettposten vil vi ikkje ha lenger. Det har vore mykje «godlyd» rundt tiltaket, fortel Fossen.

I ei undersøking Utdanningsforbundet har gjort blant medlemer i kommunale barnehagar, oppgjer berre 13 prosent at dei som hovudregel alltid får brukt timane som skal sikre eit godt pedagogisk innhald i barnehagen. Heile ein av fire barnehagelærarar seier at de sjeldan eller aldri får brukt denne tida.

Les meir om undersøkinga: Ny rapport: Dårlig bemanning går sterkt utover kvaliteten i barnehagen

Slit med å rekruttere

Sjølv om pengane og vilja til å auke bemanninga er der, har det dukka opp nye utfordringar.

– Eg høyrer frå barnehagane at det er store utfordringar med å rekruttere barnehagelærarar, og generelt å få tak i både fagarbeidarar, assistentar og ringevikarar. Og vi ønskjer jo ikkje å ta inn kven som helst på ei barnehageavdeling, seier Fossen.

Styrar Telstø Pedersen fortel at ho så langt har fått tak i dei barnehagelærarane ho treng.

– Men det er fordi eg har vore heldig og hatt eit stabilt personale over fleire år. Min draum er at vi kan ha ein vikarbank i kommunen, slik at vi kan plukke nokon barna kjenner frå før. Eg tenkjer det kunne vore pengar og tid spart. Å bruke vikarbyrå er ikkje ei god løysing, seier ho.

Ho trur det er viktig å vere litt forkant og planlegge for vikar ved langtidsfråvær.

– Når vi har gode, faste vikarar inne, går generelt sjukefråværet ned, forklarar ho.

Ønskjer gode tiltak velkomen

Utdanningsforbundet si viktigaste sak i valkampen har vore ei satsing på fleire barnehagelærarar og auka bemanning i barnehagane.

Inger Grødem Haraldsen er leiar for Sentalt leiarråd i Utdanningsforbundet, og ho ønskjer alle gode tiltak velkomen.

– Først og fremst vil eg takke politikarane i Hå som over fleire år har auka ressursar til barnehagane. Dette er eit godt tiltak som gjer at barnehagelærarane får teke ut plantida si. Det er svært viktig for å gi eit godt pedagogisk tilbod til barna i barnehagen, seier ho, og fortset:

– Samstundes meiner vi at dagens barnehagelærarnorm er for svak, og Utdanningsforbundet har lansert eit forslag til ein ny modell som i tillegg til fleire barnehagelærarar vil gi auka bemanning, forklarar ho.

Les meir om vår kampanje for fleire barnehagelærarar og auka bemanning i barnehagane: Tid for de minste