Lønns- og arbeidsvilkår for rådgjevarar og karriererettleiarar

Sidan det er lite nasjonale føringar og rammer for arbeidet til rådgjevarar og karriererettleiarar arbeider mange under ulike vilkår – og har ulike ressursar knytt til arbeidet sitt.

Det er opplæringslova § 9-2 og og tilhøyrande forskrift §22-1, §22-2, § 22-3 og §22-4 som regulerer arbeidsgivar si plikt til å gje elevane både utdanningsmessig, yrkesmessig og sosialpedagogisk rådgjeving. Forskrifta gjev ei beskriving av dei plikter skulen har ovanfor elevane. Det er desse pliktene som er utgangspunktet for arbeidet til rådgjevaren i skulen.

Opplæringslova set ingen bestemte utdanningskrav til den som skal utføre rådgjevingstenestene, men det blei i 2009 utarbeidd «Anbefalt formell kompetanse og veiledende kompetansekriterier for rådgivere» av Utdanningsdirektoratet. I tillegg kompetansestandardar for dei som arbeider med karriererettleiing.

Lærarar som utdannings, -og yrkesrådgjevarar og sosialpedagogiske rådgjevarar

Om det er lærarar som er rådgjevarar er disse som regel tilsett på lærarvilkår (kapittel 4), ved at dei utfører si rådgjevarteneste som ein del av si stilling. Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonale, SFS 2213 definerer både tidsressursar og funksjonstillegg for rådgjevarar, men som minimumssatsar. Arbeidsgjevar står altså fritt til å bestemme ein høgare ressurs. Det har ikkje vore store endringar i tidsressursen sidan midten av 70-tallet, utanom ei mindre justering i 2006. 

Det som står som minimumsressurs i dagens SFS 2213 er: 38 årsrammetimer per påbegynt 25 elev + 5 % ressurs per skole.

1. Finn talet på elevar per "påbegynt 25"

Del talet på elevar ved skolen på 25. Og rund opp til næraste heile tal.

Eksempel:
Skolen har 360 elevar → 360 / 25 = 14,4
Du rundar opp til 15

2. Gong opp med rett timetal

Bruk ein av desse satsane:

  • 28,5 årstimar per påbegynt 25 elevar dersom skolen har 60-minuttstimar.
  • 38 årstimar per påbegynt 25 elevar dersom skolen har 45-minuttstimar.

Eksempel (45-minuttstimar):
15 x 38 = 570 årstimar

3. Kor mykje stilling blir dette?

For å rekne ut stillingsprosent, treng du ei årsramme. Den er på:

  • 885 timar ved ungdomsskule (45-min. timar)
  • 810 timar ved vidaregåande skule (45-min. timar)

Rekne stillingsprosent slik:

Årstimar ved skulen÷årsramme=grunnprosent.
Legg så 5 % på toppen av dette.

Eksempel:
Ungdomsskule med 570 årstimar
570 / 885 = 0,64 = 64 % stilling
64 % + 5 % = 69 % stilling

Oppsummert:
På ein ungdomsskule med 360 elevar og 45-minutts timar, skal det setjast av minst 69 % stilling til rådgiving/sosiallærar.

Lønning av lærarar som utfører rådgjevingsteneste følger bestemmingane for lærarar i tariffavtalen basert på kompetanse og ansiennitet.

Utdannings-, yrkesrådgivarar og sosialpedagogiske rådgjevarar tilsett på kommunale vilkår

Utdannings- og yrkesrådgjevarar og sosialpedagogiske rådgjevarar kan også vere tilsett på alminnelege kommunale vilkår. For tilsette på desse vilkåra gjeld ikkje bestemmingane i Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonale, SFS 2213. Då gjeld eit normalarbeidsår som for andre kommunalt tilsette.

Lønn er her i KS-området basert på enten Hovudtariffavtalen kapittel 4 eller kapittel 5. Om du er tilsett i stilling i kapittel 5, er du omfatta kunn av lokale lønnsforhandlingar ein gang pr. år. Rådgjevarar, tilsett i kapittel 4, blir lønna etter Hovudtariffavtalen sine bestemmingar basert på kompetanse og ansiennitet.