Partnarskap mot mobbing

Elever i skolegård
Utdanningsforbundet var med på det første manifest mot mobbing i 2002.

Alle barn og unge har rett til eit lærings- og oppvekstmiljø utan mobbing og krenkingar. Difor har Utdanningsforbundet, saman med ei rekkje andre organisasjonar, signert avtala om Partnarskap mot mobbing for perioden 2016-2020.

Partnarskapet forpliktar alle vaksne som arbeider i barnehagen og skulen til å arbeide mot alle former for mobbing og krenkingar og for eit inkluderande skule- og oppvekstmiljø.

Med partnerskapet forpliktar organisasjonane seg til både felles tiltak og tiltak i den enkelte organisasjon. Partane skal mellom anna bidra til å utvikle kompetanse lokalt om verkemiddel for å forebygge, avdekke og bekjempe mobbing og krenkingar, spreie informasjon og bygge lokale nettverk.

Utdanningsforbundet forpliktar seg på følgjande område:

  • Inkludere arbeidet for gode lærings- og oppvekstmiljø og innsatsen mot mobbing og krenkingar i det profesjonsetiske arbeidet overfor alle medlemmar i organisasjonen

  • Vidareutvikle noverande nettside som ein kunnskapsbank med mange ressursar, tips og råd i arbeidet for gode og inkluderande lærings- og oppvekstmiljø

  • Inkludere innsatsen for gode lærings- og oppvekstmiljø og arbeidet mot mobbing og krenkingar i kurs og konferansar, og i skuleringa av tillitsvalde i Utdanningsforbundet

  • Styrke rettleiings- og informasjonsarbeidet overfor fylkeslag og lokallag med ambisjon om auka lokal innsats og meir initiativ til styrka lokalt samarbeid

  • Presentere kunnskap og erfaringar om arbeidet med gode lærings- og oppvekstmiljø som tema i tidsskrift og publikasjonar

  • Styrke kunnskapsgrunnlaget om gode lærings- og oppvekstmiljø og arbeidet mot mobbing og krenkingar, mellom anna gjennom nettstedet utdanningsforskning.no

Frå manifest til partnarskap

Partnarskap mot mobbing er ei vidareføring av tidlegare Manifest mot mobbing, og er eit forpliktande samarbeid mot mobbing og for eit inkluderande lærings- og oppvekstmiljø.

Det første Manifest mot mobbing vart signert av statsministaren, Utdanningsforbundet, KS, FUG og Barneombodet i 2002. Manifestet vart fleire gonger forlenga for to år, før det i 2011 vart utvida til fire år (2011-2014) for å leggje til rette for meir langsiktig og systematisk arbeid. Perioden vart seinare forlenga til 2015 i påvente av at Djupedalutvalet skulle leggje fram innstillinga si.

Manifest mot mobbing har hatt noko varierande innretning, der det har veksla mellom felles og sameinte aktivitetar og partane sine separate forpliktingar. Manifestpartane meinte at det viktigaste arbeidet for gode lærings- og oppvekstmiljø og arbeid mot mobbing og krenkingar skjer lokalt og at hovudinnsatsen må setjast inn på arenaer der barn og unge oppheld seg. Manifestpartane la vekt på systematisk arbeid over tid kombinert med ei årleg kampanjeveke i september der ein ønskte å løfta fram ymse tema og fokusområde. Det vart også teke initiativ til at partane lokalt skulle signere lokale Manifest mot mobbing.

 

Dei andre partane i Partnarskap mot mobbing

  • Regjeringa v/statsministaren
  • Sametinget
  • Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)
  • Foreldreutvalet for barnehagar (FUB)
  • Fagforbundet
  • KS
  • Skolenes landsforbund
  • Skolelederforbundet
  • Elevorganisasjonen
  • Norsk lektorlag
  • Private Barnehagers Landsforbund
  • Landsgruppen av helsesøstre
  • Kristne Friskolers forbund på vegner av friskulane.

Innhaldet i Partnarskap mot mobbing

Partnarskap mot mobbing tek sikte på å mobilisere partane til å jobbe saman for å gje barn og unge gode lærings- og oppvekstmiljø. Avtalen inneber at partane vert del av eit fast samarbeid som skal konkretiserast gjennom både felles tiltak og aktivitetar i dei respektive organisasjonane som partane representerer. Partane forpliktar seg til å innarbeide avtalen i eigne planar og tiltak, samt å ha jamleg dialog i partnarskapet for å evaluere, forbetre og vidareutvikle samarbeidet.

Ei realisering av ambisjonane til Partnarskap mot mobbing krev tydelege leiarar og tilsette som tek aktivt ansvar for trygge læringsmiljø. Det krev også ei styrking av barnehagar og skular som organisasjonar og raskare implementering av ny, praksisrelevant kunnskap om forsking, ny metodikk og regelverk.

Partnarskapet mot mobbing er organisert på sentralt nivå gjennom ei arbeidsgruppe i regi av Utdanningsdirektoratet, men skal også verke lokalt gjennom å medverke til felles prosessar, kompetanseutvikling, kunnskapsspreiing og nettverksbygging.

Det er viktig å styrke samhandlinga mellom det sentrale arbeidet i partnarskapet og engasjement og aktivitet lokalt for å kunne utgjere ein skilnad for barn og unge sine lærings- og oppvekstmiljø. Det sentrale arbeidet i partnarskapet vil leggje til rette for å koordinere lokale aktivitetar, og formidle erfaringar, kunnskap og forsking, og ta initiativ til regionale samlingar og konferansar.

Nytt regelverk mot mobbing

Frå 1. august 2017 vart kapittel 9a i opplæringslova endra, og det vart lovfesta nulltoleranse mot mobbing i skulen. Endringane medfører ei tydeleg aktivitetsplikt for alle tilsette i skulen. Elevane får med desse endringane styrka si rett til å ha det trygt og godt på skulen. Meir om det nye regelverket finns HER: