900 millionar til barnehagane i budsjettet til Raudt

I det alternative budsjettet til Raudt har dei føreslått 900 millionar for å løyse bemanningskrisa i barnehagen.

– Dette syner at det er fullt mogeleg finne desse pengane i budsjettet om ein er villig til å prioritere barnehage. Her må regjeringa og SV levere, seier Steffen Handal.

Det er ei bemanningskrise i barnehagen, som går utover både det pedagogiske innhaldet og tryggleiken i barnehagen. 

Raudt har i sitt alternative budsjett lagt inn 900 millionar til ein ekstra pedagog eller fagarbeidar i alle barnehagar med meir enn 50 barn.

– Dette forslaget er ei viktig satsing på barnehagen, og Raudt skal ha skryt for å ha prioritert dei minste høgt, seier Handal. 

– Men Utdanningsforbundet meiner Raudt har ei uklok innretting av midlane. Samstundes som me har ei generell bemanningskrise, manglar det fleire tusen barnehagelærarar.

– Ei auke i grunnbemanninga må difor skje gjennom tilsetting av fleire barnehagelærarar. Berre slik får vi løyst bemanningsproblema og også sikra den pedagogiske kvaliteten i tilbodet til barna, seier han. 

Utdanningsforbundet har det siste halvåret retta søkjelyset mot mangelen på barnehagelærarar og for dårleg bemanning i barnehagesektoren, gjennom Tid for de minste-kampanjen.