Slik blir du lærar

For å bli lærar krevst det ei lærarutdanning som gir deg pedagogisk, didaktisk og fagleg kompetanse. I Noreg kan du bli lærar ved å følgje ulike utdanningsløp som kvalifiserer til ulike trinn i utdanningssystemet.

Utdanningsforbundet meiner at barn og unge er tente med at det finst lærarar med ulik lærarutdanning, og desse utdanningane må utviklast kvar for seg og i samanheng med kvarandre.

Utdanningsforbundet meiner at framtidas lærarar må få ei utdanning av høg kvalitet der dei profesjonsfaglege elementa, saman med solid fagkunnskap og tydeleg forankring i forsking og erfaringskunnskap, har ein sikker plass og status. Lærarutdannarane må få gode vilkår for forskings- og utviklingsarbeid, og det må leggjast til rette for kompetanseheving til doktorgrad eller tilsvarande.

Utdanningsforbundet ser på lærarutdanning som grunnutdanninga, men også rettleiing av nyutdanna og etter- og vidareutdanning medverkar til kontinuerleg kvalifisering for å komme kompetansebehov i framtida i møte. Difor må vi sjå desse elementa i samanheng i den yrkeslange kvalifiseringa til ein lærar.

Barnehagelærarutdanning er eit treårig bachelorstudium, som kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage.

Barnehagelærarutdanninga gir kompetanse og innsikt i personalleiing og leiing av barn, utviklinga og oppvekstmiljøet til barn, og dessutan samspel mellom barn og mellom barn og vaksne. I tillegg lærer barnehagelærarstudentane om samarbeid med foreldre og rettleiing av medarbeidarar.

Studiet er inndelt i kunnskapsområde og fag, har 100 dagars rettleidd praksis og blir avslutta med ei bacheloroppgåve. Pedagogikkfaget er sentralt og gjennomgåande. Barnehagelærarutdanninga består av desse seks kunnskapsområda:

·         Utviklinga til barn, leik og læring

·         Natur, helse og rørsle

·         Samfunn, religion, livssyn og etikk

·         Kunst, kultur og kreativitet

·         Språk, tekst og matematikk

·         Ledelse, samarbeid og utviklingsarbeid

 

Fullført studium kvalifiserer mellom anna til opptak til master i barnehagepedagogikk og mastar i spesialpedagogikk.

Barnehagelærarutdanninga blir tilboden som heiltidsstudium, deltidsstudium og arbeidsplassbasert utdanning.

Samisk barnehagelærarutdanning er i hovudsak bygd opp og organisert som norsk barnehagelærarutdanning, men har i tillegg eit sjuande kunnskapsområde: Samisk språk, fleirspråklegheit og språkleg revitalisering. Utdanninga skal byggja på samiske perspektiv på læring, samiske verdiar og naturforståing. Den samiske og den norske barnehagelærarutdanninga er likeverdige. 

Informasjon om kvar du kan studera til barnehagelærar, og opptakskrava til utdanninga, finn du på - Samordna opptak.

Barnehagelærar i skulen

Med eitt års vidareutdanning retta mot undervisning på barnetrinnet, kan barnehagelærarar tilsetjast for arbeid på småskuletrinnet i grunnskulen. Også eitt års spesialpedagogisk vidareutdanning eller spesialpedagogisk fordjuping i studiet kvalifiserer til arbeid i småskulen dersom hovudoppgåva er spesialundervisning.

Barnehagelærarutdanninga kvalifiserer òg til arbeid med barn på tilsvarande utviklingstrinn i andre institusjonar.

Grunnskulelærarutdanninga er frå hausten 2017 ei femårig integrert lærarutdanning som fører fram til mastergrad. For studentar med opptak frå 2010–2016 er grunnskulelærarutdanninga eit fireårig løp som fører fram til graden bachelor.

Frå 2010 følgjer grunnskuleutdanninga to ulike løp. I grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn blir det lagt spesiell vekt på nybyrjaropplæring og kontaktlærarrolla. I grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn blir det lagt vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av læringa til elevane og kva som fremjar læring i faga.

Grunnskulelærarutdanninga blir avslutta med masterspesialisering. Du kan velje mellom ei masteroppgåve i undervisningsfag, pedagogikk eller spesialpedagogikk. Masteroppgåva i undervisningsfag skal ha solid forankring i fag og fagdidaktikk og kan i tillegg bestå av element frå pedagogikk og spesialpedagogikk. Masteroppgåva i pedagogikk eller spesialpedagogikk bør knytast opp til undervisning i fag.

Samisk grunnskulelærarutdanning er i hovudtrekk bygd opp og organisert som anna grunnskulelærarutdanning, men har stor vekt på samisk språk og kultur.

Informasjon om kvar du kan studere til grunnskulelærar, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til Samordna opptak.

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag er ei eittårig utdanning der studentar som har fullført ulike fagstudium som gir kompetanse til å undervise, kan kvalifisere seg til å bli lærar.

Studentar som tar praktisk-pedagogisk utdanning, har vanlegvis ei utdanning med stor grad av fagleg fordjuping. Utdanninga kvalifiserer mellom anna for arbeid med enkeltfag på mellomtrinnet, på ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i vaksenopplæring.

Informasjon om kvar du kan studere praktisk-pedagogisk utdanning, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til dei ulike universiteta eller høgskulane.

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) er ei eittårig lærarutdanning der studentar med ulik yrkesretta bakgrunn kan kvalifisere seg til å bli lærar i yrkesfag.

PPU-Y byggjer anten på studium ved universitet og høgskular, til dømes ingeniør eller sjukepleiar, eller på eit fag-/sveinebrev kombinert med yrkesteori og praksis frå yrkeslivet.

Studiet er ei praksis- og yrkesretta utdanning på 60 studiepoeng (sp.), og består av 30 sp. pedagogikk og 30 sp. yrkesdidaktikk.

Utdanninga kvalifiserar for arbeid med enkelte fag på ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i voksenopplæring.

Informasjon om kvar du kan studere praktisk-pedagogisk utdanning, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til dei ulike universiteta eller høgskulane.

Lektorutdanning for 8.-13. trinn er ei femårig integrert lærarutdanning som fører fram til mastergrad.

Lektorutdanninga gir undervisningskompetanse i to undervisningsfag. Du fordjupar deg i eitt av faga på masternivå, medan det andre faget du vel, utgjer ei årseining. Lektorutdanninga blir avslutta med masterspesialisering i undervisningsfaget på masternivå eller i fagdidaktikk.

Med lektorutdanning er du normalt kvalifisert til å undervise i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, men også på mellomtrinnet i grunnskulen og i vaksenopplæringa.

Informasjon om kvar du kan studere til lektor, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til Samordna opptak.

Yrkesfaglærarutdanninga er ei treårig bachelorgradsutdanning. I løpet av utdanninga lærer du om faget du skal bli lærar i, pedagogikk og fag- og yrkesdidaktikk, og du får opplæring i praksis som til saman gir yrkesfaglærarane ein felles basis og utdanning i breidde og djupn.

Med yrkesfaglærarutdanning er ein kvalifisert til å arbeide som lærar i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring, og ein har kompetanse for å undervise i enkelte fag på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen.

Opptakskrava til studiet byggjer på generell studiekompetanse, fagbrev, sveinebrev eller tilsvarande yrkesutdanning frå vidaregåande opplæring og praksis frå yrkeslivet.

Informasjon om kvar du kan studere til yrkesfaglærar, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til Samordna opptak.

Faglærarutdanninga er ei treårig bachelorgradsutdanning med moglegheit for spesialisering innan dei praktiske og estetiske faga:

  • design, kunst og handverk
  • kroppsøving og idrettsfag
  • musikk, dans og drama

Utdanninga kvalifiserer for arbeid i faget på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen (for enkelte fag òg på 1,-4. trinn), i vidaregåande opplæring, i ulike typar vaksenopplæring og i anna frivillig opplæring.

Informasjon om kor du kan studera til faglærar, og opptakskrava til utdanninga, finn du på Samordna opptak.

Frå hausten 2021 kan universitet og høgskular sjølv velja om dei vil tilby den femårige «Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag (LUPE)» eller den treårige «Faglærerutdanning i praktiske og estetiske fag».

Frå hausten 2023 må alle institusjonar som vil tilby lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, ta opp studentar til den femårige utdanninga.

LUPE er ei femårig integrert lærarutdanning som fører fram til mastergrad og gir moglegheit for spesialisering innan dei praktiske og estetiske faga:

  • dans
  • design, kunst og handverk
  • drama og teater
  • kroppsøving og idrettsfag
  • mat og helse eller musikk

I «Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag» skal ein minst ha to undervisningsfag. Eitt praktisk estetisk fag som utgjer masterfaget og eitt anna undervisningsfag med læreplan i grunnopplæringa av eitt års omfang. Planlegg studenten å undervisa på 1-7 trinn er det mogleg å velja to undervisningsfag med læreplan i grunnskulen med eit halvt års omfang.

Informasjon om kor du kan studera til lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, og opptakskrava til utdanninga, finn du på Samordna opptak.