Hjelp til å søkje jobb som lærar

To stykker som samarbeider med en tekst på papir og PC
Når du søkjer jobb, bør du få råd, rettleiing og innspel frå andre.

Få best mulig lønn og arbeidsvilkår

Tips til korleis du bør gå fram for å få best mogeleg lønn og arbeidsvilkår

Forhandle lønn ved tilsetjing

Førebuing

Her er svar på ein del relevante spørsmål du kan ha før du byrjar å søkje jobb som lærar.

Arrangerer Utdanningsforbundet jobbsøkjarkurs?

Ja, dei fleste fylkeslag arrangerer jobbsøkjarkurs éin gong i året ved dei ulike utdanningsinstitusjonane.

Kontakt fylkeslaget ditt og spør om når dei arrangerer eit kurs neste gong.

Kvar og når finn eg ledige stillingar?

Her finn du utlysingar:

  • Bladet Utdanning
  • Kommunens nettsider
  • Aviser

Når blir stillingar lyste ut?

Mellom januar og mars blir det lyst ut generelle fellesutlysingar frå kommunane. Desse er baserte på endringar blant tilsette ved overgang til nytt barnehage- og skuleår.

Utanom dette blir det lyst ut stillingar gjennom hele året avhengig av behov hos dei ulike arbeidsgjevarane.

Kva bør eg gjere før eg skriv søknad?

Her er nokre generelle tips til korleis du bør førebu deg før du byrjar å søkje jobb:

Digitaliser alle papirer

Du bør digitalisere og systematisere:

  • vitnemål
  • attester
  • søknader
  • CV
  • utlysingar

Ofte skal dette sendast i mail eller lastast opp på ei nettside. Dersom du opplever å ha kort søknadsfrist, er det veldig fint at alt er digitalisert. Før du skal i intervju, er det ofte lurt å sjå på utlysingsteksten og søknaden din att. Det er enklare å finne fram dette dersom du har lagra alle sjølv, ikkje alle arbeidsgjevarar har utlysingsteksten tilgjengeleg når intervjurundane startar. Utlysingsteksten bør du også ha tilgjengeleg etter at du har vorte tilsett.

Ordne med referansar

Dersom nokon skal vere referanse for deg, skal dei vite om det på førehand, og dei bør vite om kva for stilling du har søkt. Mogelege referansar kan vere:

  • tidligare sjef
  • tidligare kollegaer
  • rettleiar
  • medstudentar
  • leiar av foreining eller organisasjon du har vore med i

Dersom du ikkje ønskjer å signalisere unødvendig overfor den noverande sjefen eller leiaren din at du søkjer etter ny jobb, kan du skrive i CV-en at leiar kan gjevast opp som referanse om det er nødvendig. Normalt vil ny arbeidsgjevar ha forståing for dette og berre be om at du gir opp leiar som referanse dersom du ligg an til å få stillinga.

NB: Ikkje bruk opp masse plass på referansar i CV-en. Gi opp ein sentral referanse eller skriv at du kan gi opp referanse dersom du blir spurt. Dersom du søkjer fleire jobbar, bør du ikkje gi opp referanse utan å bli spurt om det. Det er for å unngå at referansen blir ringt ned av arbeidsgjevarar.

Døme på spørsmål referansane kan få:

  • Kva for tilknyting hadde du til vedkomande i arbeidsforholdet?
  • Når og kor lenge tilsett?
  • Arbeidsoppgåver?
  • Korleis vart dei løyste?
  • Kvifor slutta?
  • Spesielle ting du vil trekkje fram?
  • Samarbeid med leiing, kollegaer, elevar, foreldre?
  • Noko å utsetje på vedkomande: personlege eigenskapar, kompetanse, framferd?
  • Ville du tilsett vedkomande på nytt?

Les utlysninga nøye

  • Kvifor er du eigna for stillinga?
  • Ønskjer du jobben med dei arbeidsoppgåvene, verdiane og plasseringa han har?
  • Tilfredsstiller du kvalifikasjonane?

Det kan vere lurt å ringje kontaktpersonen i utlysinga for å få klargjere ting du lurer på. Ikkje ring berre for å ringje, men vis at du har forståing for arbeidsoppgåvene, og at du har lese utlysinga gjennom spørsmåla du stiller. 

NB! Ver klar over at du må søkje om politiattest dersom du blir tilsett. Arbeidsgjevar vil då gi deg eit skjema som du må leggje ved søknad om politiattest. På heimesida til politiet er det beskrive meir detaljert på korleis dette blir gjort.

Søknaden blir gjort elektronisk på heimesidene til politiet.

Søknad og CV

Søknad og CV bør ikkje vere på meir enn éi A4-side kvar, men likevel skal dei overtyde arbeidsgjevar om at du er rett person for jobben. Då er det viktig at dei utfyller kvarandre.

Korleis skal CV-en vere?

Elektronisk søknadskjema

Det blir stadig meir vanleg med elektronisk søknadsskjema for å søkje jobb. Ofte er det ikkje naudsynt å leggje ved ein eigen CV, for du blir beden om å fylle inn den informasjonen arbeidsgjevar ønskjer.

Vanleg CV

Likevel tilrår vi at du lagar deg ein CV. Det gjer det raskare og enklare å fylle inn elektroniske skjema på nett.

Føremålet med CV

Føremålet med CV-en er å kunne presentere deg sjølv og det som kvalifiserer deg for stillinga. Då får du meir plass i søknaden til å skrive motivasjonen for stillinga.

Døme på CV

Korleis skal søknaden vere?

CV-en viser at du er formelt kvalifisert til jobben. Søknaden skal fortelje kvifor du ønskjer denne jobben, og kvifor du høver for stillinga.

Gjennom utdanninga har du skrive mange fagtekstar der du presenterer teoriar eller praksiserfaringar. Vis gjennom søknaden at du har lært dette, men ved å presentere deg sjølv og kvifor du bør få tilbod om denne stillinga:

Innleiing/ingress

Skal vere kort og til poenget: Motivasjon for stillinga og kvifor du er viktig for stillinga med utgangspunkt i utlysinga.

Hovuddel/argumentasjon

Kva for nokre av røynslene og kunnskapane dine er mest relevante ut ifrå det dei søkjer etter? Kan du vise til noko du har fått til tidlegare? Svarar dette på utlysinga?

Avslutning/oppsummering

Kort avslutting, utan flosklar som «eg vonar å få komme på intervju».

Andre tips:

  • Les utlysingsteksten nøye og svar på det som det blir spurt etter.

  • Knyt CV-en til utlysinga og vis kvifor du er rett for jobben.

  • Skriv i «eg»-form.

  • Vis ordenssans, bruk marg, avsnitt og stavekontroll.

  • Grunngi kvifor du søkjer og er interessert i jobben. Forklar kvifor nettopp du er rett for jobben!

Jobbintervju

Du er kalla inn til intervju. Det betyr at arbeidsgjevar meiner at du er kvalifisert for jobben. Her er nokre tips og svar på spørsmål som er relevante for intervjusituasjonen:

Kva er føremålet med intervju?

For deg som arbeidstakar er føremålet å overtyde både deg og arbeidsgjevar om at du er godt eigna for jobben. Då må du få kjennskap til:

  • arbeidsstaden, miljøet og kollegaer 

  • arbeidsoppgåvene og forventningane til arbeidsgjevar

Arbeidsgjevar skal bli kjend med deg for å vurdere om du er eigna for stillinga ved å få fram eigenskapar og ambisjonar hos søkjaren.

Både du og arbeidsgjevar skal få avklaring på eventuelle spørsmål.

Korleis kan eg førebu meg til intervju?

Det er ein del ting du kan gjere før du kjem på intervju:

  • Tenk på kva som er viktig for deg på arbeidsplassen.

  • Hent inn informasjon om arbeidsplassen.

  • Ver velkledd og møt fram i god tid.

  • Les utlysinga og søknaden om att.

  • Øv på førehand kva det er du skal spørje og svare på.

Spørsmål du kan stille arbeidsgjevar

  • Spør om noko frå heimesida.

  • Vis interesse for verdiane på arbeidsplassen. 

  • Spør om pågåande nasjonale eller lokale prosjekt.

Du bør vere medviten korleis du svarar spørsmål

  • Svar ærleg og utfyllande, men ikkje bryt teieplikt frå tidlegare praksis eller arbeidsforhold.

  • Tenk på språkbruk og kroppsspråk.

  • Ikkje avbryt intervjuaren, men vær ein aktiv lyttar.

  • Snakk i passe tempo og uttrykk deg presist. 

  • Du kan bli utfordra med ei refleksjonsoppgåve.

Spørsmål du kan få

  • Kvifor vart du barnehagelærar/lærar?

  • Tidlegare praksis?

  • Kva for eigenskapar meiner du det er viktig å ha som barnehagelærar/lærar?

  • Kva for nokre av desse eigenskapane har du? Kva for eigenskapar har du ikkje?

  • Kva slags læringssyn har du? Syn på barn og læring? Pedagogisk syn? Rammeplan? Kunnskapsløftet?

  • Korleis har du samarbeidd i tidlegare jobbar?

  • Korleis vil kollegaene og medstudentane dine beskrive deg dersom dei fekk spørsmål om samarbeidsevna di?

  • Har du nokon gong vore involvert i større konfliktsituasjonar? Korleis takla du det?

  • Kva for fritidsinteresser/fritidsaktivitetar har du?

  • Er det noko du vil utdjupe eller seie som du ikkje har vorte spurt om?

 

 

Bruk medlemskapen: Snakk med dei tillitsvalde

Som Norges største organisasjon for pedagogisk personale har Utdanningsforbundet mye erfaring. Vi er en ressurs for deg når du nå skal søke jobb som lærer eller en annen pedagogisk stilling.

Still spørsmål om lokale forhold til lokale tillitsvalde

Ulike (fylkes)kommunar og arbeidsplassar, anten det er i offentleg eller privat sektor, har ulike tilsetjingsprosedyrar. Lønn, utrekning av ansiennitet og andre forhold kan variere. Spesielt dei som søkjer jobb for første gong etter studia, kan ha mange spørsmål, og ofte kan det då vere ein ressurs å ha ein tillitsvald å diskutere med.

Utdanningsforbundet er, gjennom dei tillitsvalde, ofte med på å forme ut stillingane, og er også ofte til stades under intervjua. Både stillingsannonse og jobbintervju blir rekna som del av den endelege arbeidsavtalen. Som medlem i Utdanningsforbundet kan du få råd og hjelp i saker som gjeld stillinga di, anten det er av praktisk eller juridisk karakter. Men du må vere medlem for at vi kan hjelpe deg. Medlemskap er gratis for studentar og det første året etter enda utdanning.

Korleis få hjelp

Dersom du har spørsmål, bør du kontakte den lokale tillitsvalde. Denne kan anten vere på arbeidsplassen der du søkjer jobb, eller i lokallaget der du bur eller søkjer jobb. Dette er fordi det er dei lokale tillitsvalde som kjenner best til dei lokale forholda. Det er også dei som eventuelt har vore med og forme ut stillinga, og som vil vere til stades på intervjuet.

Tillitsvalde på arbeidsplassen finn du ofte kontaktinformasjonen til i utlysinga eller på nettsida til arbeidsplassen.

Du kan også kontakte lokallaget ditt 

Hugs at dei fleste fylkeslag arrangerer årlege jobbsøkjarkurs. Kontakt fylkeslaget ditt for å få informasjon om når du kan delta på dette.