Å ytre seg i den offentlige debatten. Nedlegging av skulen

Vi må alle jobbe for å ha ein kultur på arbeidsplassen der vi kan ytre oss om saker som handlar om faget vårt, om arbeidsplassen vår eller om andre forhold som vi har kompetanse på og meiner noko om.

Men så er vi opptekne av å vere lojale overfor arbeidsgjevaren vår. Men kva med borna, elevane og studentane – kven snakkar deira sak?

I utgangspunktet har vi alle ytringsfridom som gjeld både i samfunnet og i arbeidslivet. Ytringsfridomen er rettsleg verna i:

  • Grunnlova § 100 som blant anna seier at «Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna som helst»
  • Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), artikkel 10 som blant anna seier at «Enhver har rett til ytringsfrihet»

Likevel skal vi ytre oss på ein sakleg måte, og ikkje på ein illojal måte som unødig skadar arbeidsgjevar sine interesser. Men kva er det som kan skade unødig då? Sivilombodsmannen, som handsamar klager rundt ytringsfridom, seier at «unødig skade» ikkje gjeld ytringar som vert opplevd som uønska, uheldige eller ubehagelege for arbeidsgjevar. Han seier vidare at «Det offentlige har i mange saker krevd for stor lojalitet fra de ansatte i strid med ytringsfriheten.»

Det er og viktig at vi ytrar oss på vegne av oss sjølve, og ikkje på vegne av arbeidsplassen eller arbeidsgjevar. 

Det kan alltid vere lurt å ta ein prat med din tillitsvalde.

Nedlegging av skulen

Det er forslag om å legge ned skulen som Peter er lærar på. Peter er sjølv far til ein av elevane på skulen, og meiner dette vil få store konsekvensar for tilbodet til barna som går på skulen. Han engasjerer seg i debatten om nedlegginga ved å delta på folkemøte og foreldremøte, og ved å skrive lesarinnlegg i lokalavisa. 

FAU har innkalla til eit ekstraordinært foreldremøte. I dette høvet samlar rektor lærarane ved skulen og seier følgande:

«Eg har fått beskjed frå rådmannen om å vidareformidle til dykk alle at det blir viktig at vi som jobbar på skulen opptrer riktig i denne prosessen. Om nokon av dykk har meinig rundt nedlegginga må de enten be fagforeininga dykkar om å ta stilling i saka, eller de kan engasjere dykk i eit politisk parti. Det blir feil å bruke arbeidsplassen som kamparena.»

Peter blir veldig usikker på korleis han skal gå vidare i saka. Kva med ytringsfridomen hans? Korleis skal innbyggarane og politikarane i kommunen ta gode val dersom han, som er lærar og fagperson, ikkje får uttale seg?
(Denne historia er basert på ei sak Sivilombudsmannen har vurdert.)

Til diskusjon

  1. Kan rådmannen nekte Peter å ytre seg om dette?

  2. Diskuter om det har noko å seie at Peter jobbar på akkurat denne skulen?

  3. Kven kan Peter spørje om hjelp i denne situasjonen?

  4. Kvifor er det viktig at fagfolk uttalar seg?