Å ytre seg i den offentlige debatten Bemanning i barnehagen

Landsmøtet i Utdanningsforbundet har vedteke at vi skal «forsvare og styrke profesjonen sin rett og plikt til å varsle om kritikkverdige forhold, samt å ytre seg og delta i den offentlige debatten».

Men så er vi opptekne av å vere lojale overfor arbeidsgjevaren vår. Men kva med borna, elevane og studentane – kven snakkar deira sak?

I utgangspunktet har vi alle ytringsfridom som gjeld både i samfunnet og i arbeidslivet. Ytringsfridomen er rettsleg verna i:

  • Grunnlova § 100 som blant anna seier at «Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna som helst»
  • Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), artikkel 10 som blant anna seier at «Enhver har rett til ytringsfrihet»

Likevel skal vi ytre oss på ein sakleg måte, og ikkje på ein illojal måte som unødig skadar arbeidsgjevar sine interesser. Men kva er det som kan skade unødig då? Sivilombodsmannen, som handsamar klager rundt ytringsfridom, seier at «unødig skade» ikkje gjeld ytringar som vert opplevd som uønska, uheldige eller ubehagelege for arbeidsgjevar. Han seier vidare at «Det offentlige har i mange saker krevd for stor lojalitet fra de ansatte i strid med ytringsfriheten.»

Det er og viktig at vi ytrar oss på vegne av oss sjølve, og ikkje på vegne av arbeidsplassen eller arbeidsgjevar. 

Det kan alltid vere lurt å ta ein prat med din tillitsvalde.


Bemanning i barnehagen

Maria er styrar i ein stor kommunal barnehage. Ho elskar jobben sin over alt på jord, men i det siste har ho tenkt meir og meir på å byte beite. Grunnen til det er at ho føler at ho ikkje får gjort jobben sin på ein god nok måte. Ho får ikkje ressursane til å strekke til, noko som fører til at bemanninga i barnehagen fleire gongar i månaden er så låg at ho meiner det ikkje er forsvarleg.

Foreldra har og reagert på dette. Maria har fått fleire klager om at dei tilsette ikkje har kontroll på kvar barna er når foreldra kjem for å hente. Nokre gongar har barna vore våte, eller dei har gått med bæsjebleie alt for lenge.

Maria har, i samband med budsjettprosessane, sagt frå til leiarane over seg i kommunen. Dette har ikkje ført til meir pengar til bruk på bemanning, Maria får beskjed om at ho må klare dette innanfor dagens budsjett. Maria har og lagt fram problemet for dei tillitsvalde.

No ønskjer Maria å gå breiare ut i kommunen og fortelje foreldra og innbyggarane om stoda i barnehagen. Men Maria er usikker på om ho torer dette. Ho er redd ho skal få represaliar frå kommunen, eller i verste fall bli oppsagd.

Til diskusjon

  1. Kva bør Maria gjere?

  2. Diskuter om det har noko å seie at Maria er leiar?

  3. Diskuter om kommunen kan nekte Maria å ytre seg om dette?

  4. Kven kan Maria spørje om hjelp i denne situasjonen?

  5. Kvifor er det viktig at fagfolk uttalar seg?