Felles ansvar for profesjonsutvikling

Utdanningsforbundet har sammen med KS og Skolelederforundet laget et artikkelhefte om «Ledelse og tillitsvalgte sammen om profesjonsutvikling i barnehage og skole».

 Knut Roald tek i sin artikkel utgangspunkt i arbeidet med fagfornyinga, som no også er kalla ei praksisreform, og spør kva som kan ha reell innverknad på korleis profesjonsutøvarane utviklar praksisen sin.

Les gjerne artikkelen til Roald som bakgrunn for diskusjonen. Han spør mellom anna korleis vi kan skape utviklingsengasjement på den enkelte arbeidsplass gjennom samspel mellom profesjon, leiing og politikk.

Innleiande spørsmål

  • Korleis kan god samhandling mellom politikk, administrasjon og profesjon bidra til profesjonsutvikling ovanfrå (frå sentrale og lokale myndigheiter) og innanfrå (frå lærarprofesjonen)?

Til diskusjon på kommunenivå

  1. Korleis samhandlar vi i vår kommune slik at vi får ein produktiv utviklingskultur? (jf. figur 3 side 28 i heftet)
  2. Har vi eit forbetringspotensiale i samband med arbeidet med fagfornyinga?
  3. Kva arenaer og prosessar må vidareutviklast for å stimulere til medskapande aktørar?
  4. Kva rolle bør dei ulike aktørane ha i desse prosessane (skuleleiarar, tillitsvalde, kommuneadministrasjon, politikarar, føresette)?
    Korleis utvikle felles strategiar for å understøtte ei dynamisk profesjonsutvikling innanfrå?