Vi organiserer fagskulelærarar

Utdanningsforbundet organiserer lærarar i fagskulen. Som den største lærarorganisasjonen i landet er Utdanningsforbundet det naturlege valet for deg som underviser i fagskulen.

Hos oss er du ein del av ein profesjonsfellesskap som jobbar for kvalitet og gode arbeidsforhold for tilsette i fagskulen.

Dette er fagskulen

Fagskuleutdanningar er korte, yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Yrkesretta utdanningar er utdanning som gir kompetanse som kan takast i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare generelle opplæringstiltak. Utdanningstilbodet ved fagskulane spenner frå tekniske fag for bygg- og oljebransjen til maritime fag, transportfag, helsefag, landbruksfag og kunstfag.

Fagskulane skal ha eit omfang på minimum ei halvt studieår og maksimum to studieår. Ny fagskulelov opnar for fagskuleutdanning på inntil tre år som ein unntaksparagraf.

Les meir om fagskulelova her (Lovdata)

Slik jobber vi for å styrkje fagskolen

Utdanningsforbundet vil ha ein solid fagskulesektor som tilbyr praktiske, yrkesretta utdanningar som arbeidslivet treng og anerkjenner.

Fagskulen skal vere eit attraktivt vidareutdanningstilbod og ein synleg og tydeleg karriereveg som i hovudsak er retta mot dei med fag- og sveinebrev eller tilsvarande yrkeskompetanse. Skulen skal ha eit godt og solid lærarkollegium med kompetanse både i fag og i formidling av fag.

Lærarkompetanse i fagskulen

Utdanningsforbundet jobbar for at lærarar i fagskulen har ein sterk fagleg og pedagogisk kompetanse, og at det blir innført tydelege kompetansekrav for lærarar.

Eit solid og godt kvalifisert lærarkollegium med kompetanse i fag og formidling av fag er skulen sin fremste styrke. I det ligg ein nærleik og eit godt samarbeid med lokalt/regionalt arbeidsliv slik at skulane alltid skal kunne levere den kompetansen som arbeidslivet spør etter.

Fagskulen må ha ein stabil lærarstab som har relevant fagleg kompetanse på nivået over det ein skal undervise i, og ha ei nasjonal og anerkjent pedagogisk lærarutdanning. Utdanningsforbundet meiner at krav om pedagogisk kompetanse hos undervisningspersonalet ved fagskulane må vere eit statleg ansvar, som høgskular med tilbod om praktisk-pedagogisk utdanning i yrkesfag bør kunne tilby.

I dag blir det ikkje stilt krav til fagleg eller pedagogisk kompetanse korkje i fagskulelova eller i forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høgare utdanning. Utdanningsmyndigheitene har nyleg sett i gang eit arbeid for å styrkje kompetansen til fagskulelærarane. Utdanningsforbundet er ein bidragsytar inn i dette arbeidet.

Nasjonalt fagskuleråd

Utdanningsforbundet vil gi lærarar i fagskulen ei røyst i råd og utval der fagskulen blir utvikla, og er representert i Nasjonalt fagskuleråd.

Nasjonalt fagskuleråd (Fagskolerådet) er eit rådgjevande organ som er sett ned av Kunnskapsdepartementet. Fagskulerådet skal styrkje fagskulenivået og arbeide for å vidareutvikle fagskuleutdanningane. Kompetanse Noreg (link) er sekretariat for Nasjonalt fagskuleråd.

Kunnskapsdepartementet har valt nytt nasjonalt fagskuleråd for perioden 2018–2020. I Fagskolerådet sit representantar for studentane, arbeidsliv og fagskulesektoren. Rådet har 18 medlemer. Sentralstyremedlem Tormod Korpås er Utdanningsforbundet sin representant i det nye Fagskolerådet.

Meir informasjon om fagskulerådet 

Fagfolk for fremtiden – Stortingsmelding om fagskulen

Regjeringa la i 2016 fram ei stortingsmelding med 48 tiltak for å styrkje fagskulen. Regjeringa har som visjon at fagskuleutdanning på sikt skal vere meir attraktiv, ha fleire studentar og større fagmiljø, og at fagskulesektoren som heilskap skal vere meir synleg og meir ettertrakta i arbeidslivet.

Fagfolk for fremtiden – Stortingsmelding om fagskulen (regjeringen.no)