Slik arbeider Utdanningsforbundet med kompetansepolitikken

Kompetansepolitikken er den samla politikken for utvikling, mobilisering og bruk av kompetanse i heile det norske samfunns- og arbeidslivet.

Kompetansekrava i arbeidslivet aukar og blir stadig raskare endra. Utdanningsforbundet arbeider for at alle unge og vaksne har reelle moglegheiter til å få opplæring gjennom heile livsløpet både for å kunne kvalifisere seg til å ta del i arbeidslivet og å fungere som gode samfunnsborgarar.

Rådgjevning og karriererettleiing

Tilgang til rådgjeving er viktig for at kvar einskild skal kunne ta informerte yrkes- og utdanningsval. Ei velfungerande rådgjevingsteneste er difor viktig for å lukkast med kompetansepolitikken.

Les meir om politikken til Utdanningsforbundet ved å klikke her: https://www.utdanningsforbundet.no/medlemsgrupper/grunnskole/radgjeving-og-karriererettleiing/slik-jobbar-vi-med-radgjeving-og-karriererettleiing/