Rådgjevarrolla i norske skular

- Rådgjeving og karriererettleiing må vere godt forankra i utdanningssektoren og bli utført av dei som har førstehandkjennskap til eleven.

Utdanningsforbundet meiner:

  • At det heilskaplege systemet for livslang karriererettleiing må bli styrka i alle ledd. Det må då følgje med tilstrekkeleg med friske midlar
  • At rådgjeving/karriererettleiing må vere godt forankra i utdanningssektoren, og at tidsressursen til rådgjeving/karriererettleiing må bli styrka gjennom friske midlar frå staten – slik at ein kan finansiere ein avtalefesta dobling i tidsressursen til rådgjeving/ karriererettleiing i skulen
  • At stadleg nærvære, gjensidig tillit, kjennskap til dei som skal bli rettleia og ein låg terskel, er sentrale vilkår for god rådgjeving/karriererettleiing
  • At det skal vere minst ein rådgjevar på kvar skule, og at rådgjevarar skal vere utdanna lærarar
  • At eit eventuelt system for nettbasert rettleiing må fungere som eit supplement til andre tenester, og bli utvikla med medverknad frå praksisfeltet
  • At alle lærlingar må ha rett til rådgjeving/rettleiing etter lova
  • Å lovfeste eit tilstrekkeleg tilbod om karriererettleiing til alle over 19 år. Også vaksne treng ein stadleg rådgjevar i vaksenopplæringa
  • Å styrke relevante kompetansekrav og kompetanseutvikling i feltet. Ressursar til kontinuerleg etter- og vidareutdanning er viktigare enn krav om mastergrad for alle rådgjevarar/rettleiarar.
  • At kjønnsperspektivet og det fleirkulturelle perspektivet må bli styrka i rettleiinga – og at rådgjevarar og karriererettleiarar får vidareutvikla sin kompetanse på desse felta

Eit heilskapleg system for livslang rådgjeving og karriererettleiing

Det har lenge vore eit uttalt behov for eit meir heilskapleg og tilgjengelig system for karriererettleiing for unge og vaksne.

Utdanningsforbundet meiner det er viktig å bygge vidare på og styrke det systemet vi allereie har. Utdanningsforbundet meiner at viktige tiltak for å få karriererettleiing til å fungere som eit heilskapleg system, vil truleg vere å tydeleggjere ansvar, roller og oppgåver på nasjonalt og regionalt nivå – samt å styrke feltet med friske midlar. For å få eit berekraftig system må det bli styrka i alle ledd, samstundes som ein jobbar for ei betre integrering og samordning av arbeidet til ulike sektorar og aktørar.

Det er også sentralt at tenestene utfyller kvarandre og gjev tilgang til både rettleiing ansikt-til-ansikt, kollektive og individuelle tilbod og ulike nettbaserte tenester.

Grunnopplæringa og utdanningssystemet i stort er ein sentral aktør på systemnivå, og rådgjevarar og karriererettleiiarar er nøkkelaktørar i praksisfeltet. Vi treng ei sterk satsing på menneskjene i desse tenestene og ei god forankring i utdanningssystemet for å styrke det heilskaplege systemet.

Rådgjeving/rettleiing må bli utført av dei som har førstehandskjennskap til eleven - ikkje av eit profesjonalisert apparat som er fjernt frå skulekvardagen. At tenestene er lokalisert og integrert i skulen, gjev eit betre grunnlag for å sjå «heile eleven», som person og som lærande, ved at ein er tett på og forstår eleven sin skulekvardag og kompetanse. Fleire studiar viser at det personlege forholdet til rådgjevar, er essensielt. (Se: Buland, Mathiesen og Mordal 2014)

Rådgjeving/karriererettleiing handlar i stor grad om læring og kompetansar som elevane treng i eit livslangt perspektiv og må av den grunn bli sett på som ein del av framtidas skule.

Å styrke samarbeid og dialog mellom dei som arbeider med karriererettleiing i det daglege og mellom dei politiske aktørane er også sentralt. Å styrke og vidareutvikle dei fylkesvise partnarskapa vil vere sentralt for å sikre samarbeid mellom ulike aktørar og er eit viktig element for regionalt og nasjonalt kompetansepolitisk arbeid.

Utdanningsforbundet støttar å etablere karrieresenter i alle fylke – og å lovfeste at fylkeskommunen pliktar å gje eit tilstrekkeleg tilbod om karriererettleiing til alle over 19 år. Organisering og finansiering er likevel like viktig som lovpålegginga. Utdanningsforbundet meiner også at det å styrke kunnskapsgrunnlaget på karriererettleiingsfeltet generelt vil vere sentralt for å få til kontinuerlig utvikling.

Rådgjeving i grunnopplæringa

Utdanningsforbundet har i lengre tid støtta ei deling mellom den sosialpedagogiske rådgjevinga og utdannings- og yrkesrettleiinga. Erfaringar viser at dette lettare sikrar ressurstilgangen til begge funksjonane – og ein kan få meir tid og innsikt i det fagfeltet ein arbeidar innanfor – noko som igjen gjev auka profesjonalitet.

Samtidig må funksjonane bli sett i samanheng. Svært mange av elevane som treng hjelp knytt til karriereval, treng også hjelp knytt til sosialpedagogiske behov. Det tette sambandet mellom utdannings- og yrkesrettleiing og sosialpedagogisk rådgjeving er ein av årsakene til at Utdanningsforbundet meiner at desse tenestene må vere integrert i skulen.

Det er sentralt med godt samarbeid mellom dei ulike aktørane som jobbar med og for elevane. Stabilitet, føreseielegheit og tryggleik er nøkkelfaktorar som elevene må oppleve med tenesta. Utdanningsforbundet meiner det innanfor grunnopplæringa er viktig å slå fast to prinsipp: at det skal vere ein rådgjevar på kvar skule og at rådgjevarar skal vere utdanna lærarar.

Organiseringa og kvaliteten på tenesta heng uløyseleg saman med finansieringa og disponeringa. Rådgjevarane i skulen har fått eit auka omfang av oppgåver, ei meir kompleks elevgruppe og ein meir mangfaldig utdannings- og arbeidsmarknad å navigere i. Forskinga er tydeleg på at dagens rådgjevarressurs avgrensar høvet til å følgje opp alle presiseringar i forskrifta knytt til elevane sine rettar og rådgjevar si rolle og oppgåver Se: Buland, Mathiesen og Mordal 2014).

Det er staten som har ansvar for å sikre den nasjonale kvaliteten på tilbodet. Eit viktig vilkår for å styrke rådgjeving/ karriererettleiing i grunnopplæringa er at staten stiller «friske» midlar til disposisjon for kommunane slik at ein kan finansiere ein avtalefesta dobling i tidsressursen til rådgjeving/karriererettleiing i skulen. Ein styrka ressurs må gjelde begge former for rådgjeving. I eit omskifteleg yrkesliv vil meistring, integrering, evne til samarbeid og endringskompetanse vere like viktig som «riktige karriereval» i tidleg alder.

Andre delar av utdanningssystemet

Utdanningsforbundet meiner at fagskulen er ein viktig vidareutdannings- og karriereutviklingsveg og meiner det er sentralt at dei som arbeider med karriererettleiing har kjennskap til og kompetanse knytt til dei moglegheitene fagskulen har å by på.

Utdanningsforbundet er også opptatt av at studentar skal ha tilgang til gode tenester ved sine universitet/høgskular. Det er sentralt med eit godt samarbeid mellom karrieretenestane, leiinga og vitskapleg tilsette på institusjonen - om ulike karriererettleiingstilbod. Samarbeid med arbeidslivet og planlegging av praksisperiodar og ekskursjonar til lokalt næringsliv er eksempel på interessante tema ein kan ta opp i eit slikt samarbeid.

Dette samarbeidet må også bli sett i samanheng med samarbeidsrelasjonar med andre aktørar, mellom anna vidaregåande skular. Utdanningsforbundet er positive til å styrke kunnskapsgrunnlaget for karriererettleiing i sektoren, både på generell basis, men også spesielt i universitets- og høgskulesektoren. Kva inneber god karriererettleiing i denne sektoren?

Rådgjevings- og karriererettleiingstilbod på nett

Ein auka tilgang til kvalitetssikra informasjon og rådgjeving/rettleiing er sentralt. Eit tydeleg signal frå Utdanningsforbundet er likevel at eit nettbasert tilbod må vere eit supplement til andre delar av systemet og må ikkje bli oppfatta som eit kjerneelement som erstattar eller «avlastar» andre tenester. Forsking viser også at den personlege relasjonen mellom rådgjevar og elev er avgjerande, og at det er viktig med menneske til stades der ungdommen er (se "Rådgiverrollen - Mellom tidstyv og grunnleggende ferdigheter")

Ingen elektroniske ressursar kan erstatte ein kvalifisert og profesjonell rådgjevar, og alle elevar/lærlingar burde ha rett til samtalar med ein rådgjevar, ikkje berre dei som har meir komplekse utfordringar. Det er sentralt at målet for eventuelle organisatoriske endringar, ikkje er økonomisk innsparing eller at færre skal oppsøke rådgjevar/karriererettleiar personleg, men at ein kan bruke e-møte og menneskemøte til ulike ting. Karriererettleiing handlar om å sjå heile menneske. Målet må vere eit best mogleg tilbod for målgruppa.

Eit styrka, lovfesta rådgjevingstilbod for vaksne og innvandrarar

Utdanningsforbundet har ved fleire høve tatt til orde for eit styrka, lovfesta rådgjevingstilbod for vaksne, samt rett til kontaktlærar. Dette er viktig i arbeidet med betre integrering, og for at vaksne skal delta med suksess i formell vaksenopplæring og andre kompetansehevingstiltak, samt for å styrke norsk kompetansepolitikk.

Det er svært viktig med eit lovfesta tilbod som kan medverke til å kartlegge kompetansebehov, rettar, interesser og føresetnader, samt å informere om aktuelle opplæringstilbod og kunne støtte opp under sosial og emosjonell utvikling. Det er eit poeng at rådgjevaren kjenner elevane og kan vere i tett dialog med både eleven og læraren.

Utdanningsforbundet meiner at ein i tillegg til å sikre tilgang til karrieresentra, må få til ein lovfesta rett til stadleg rådgjeving for vaksne som får opplæring etter opplæringslova og/eller introduksjonslova. Stadleg rådgjeving, både sosialpedagogisk og utdannings- og yrkesrådgjeving, møter betre behova i målgruppa, mellom anna ved å sikre relasjonen mellom elev og rådgjevar/rettleiar. Utdanningsforbundet meiner også at det er sentralt at sektorane legg til rette for særskilt målgruppetilpassing ved bruk av fleirspråklege ressursar, som for eksempel tolketenester.

Å gje lærlingar ein lovfesta rett til rådgjeving

Det vil vere sentralt å sikre at lærlingar på dei yrkesretta studieprogramma har reell tilgang til rådgjeving og rettleiing, og ein lovfesta rett inneber også å sikre at rådgjevarar/rettleiarar har kompetanse og nettverk knytt til denne delen av opplæringa.

Det er viktig for at denne retten skal vere reell, at det vert tydeleg avklara kven som har ansvaret for å gje lærlingane tilbodet, og at det blir justert opp med ressursar tilsvarande tal på lærlingar.

Kompetansekrav

Utdanningsforbundet meiner at nasjonale kompetansekrav for dei som skal arbeide med rådgjeving/karriererettleiing, vil kunne vere med på å profesjonalisere og styrke tenesta. Vi meiner at eit realistisk og tilstrekkeleg krav til kompetanse er 60 studiepoeng, ut over lærarutdanning.

Breiddekompetanse, erfaring frå arbeidslivet og med arbeid med ungdom kan vere like nyttig som spisskompetanse. Utdanningsforbundet meiner at å ha lærarutdanning som kompetansebakgrunn bør vere eit krav når ein skal arbeide med rådgjeving/rettleiing, og at framtidas rådgjevarar og rettleiarar i grunnopplæringa bør vere ein del av lærarprofesjonen og undervisningspersonalet.

Dette gjev ein betre pedagogisk kompetanse og kjennskap til skulen, utdanningssystemet og elevane. Ei balanse mellom kunnskap og erfaringar knytt til utdanning, arbeidsliv, sosialpedagogiske utfordringar og etikk er sentralt.

Kjønnsperspektiv og fleirkulturelle perspektiv må bli styrka i rådgjeving/rettleiing

Fleire forskingsrapportar viser til at kjønn er eit ikkje-tema blant rådgjevarar i skulen, og at dei opplever dette som ein vanskeleg tematikk å arbeide med. 

Dette er ein sentral tematikk å styrke også innan dei andre sektorane som tilbyr rådgjeving/karriererettleiing. For å få til dette er det sentralt at rådgjevarar og karriererettleiarar nok kompetanse og verktøy til å ta tak i dette viktige temaet, også med tanke på det samiske perspektivet. Utdanningsforbundet meiner at eit sentralt tiltak er å sørge for at kjønnsperspektiv og fleirkulturelle perspektiv må inn som viktige element i etter- og vidareutdanninga til rådgjevarar og rettleiarar.