Den internasjonale agendaen

Unite for Quality Education er ein kampanje frå Education International (EI).

Grunnpilaren i fagrørsla er solidaritet. Derfor ønskjer Utdanningsforbundet å styrkje internasjonal fagrørsle og profesjonsutvikling.

I «Verdier og prinsipp for Utdanningsforbundet» blir det slått fast at «Utdanningsforbundet skal engasjere seg breitt i det internasjonale arbeidet.»

Vi skal vere ei sterk og solidarisk fagforeining, vi skal arbeide for gode lønns- og arbeidsvilkår, vi skal styrkje kvaliteten i utdanninga, vi skal stå for faglege og profesjonell styrke, og vi skal vere ein profilert samfunnsaktør. Alle desse temaa har også ein internasjonal dimensjon og er konkretiserte i strategien vår for Utdanningsforbundets arbeid internasjonalt.

Strategien slår fast at arbeidet vårt internasjonalt for å nå måla våre skjer gjennom aktiv bruk av medlemskapen vår i verdsorganisasjonen vår Education International (EI).

Medlemskapen vår i Education International gir oss høve til å påverke prosessar, hente inn informasjon og inngå samarbeid og alliansar. Målet er at arbeidet vårt internasjonalt skal bidra til å styrkje og utvikle Utdanningsforbundet som profesjonsorganisasjon, fagforeining og samfunnsaktør.

Utdanningsforbundet skal arbeide for å vere representert i EIs vedtaksorgan på globalt og regionalt nivå. Medlemskapen gir oss høve til å delta i relevante arbeidsgrupper, faglege fellesskap og i eksterne grupper. Vi sit til dømes i ei arbeidsgruppe som er oppretta for å gi råd til OECD på utdannings- og arbeidslivsområdet. Eit anna døme er deltakinga vår i sosial dialog på europeisk nivå og fagleg samarbeid på ei lang rekkje område. Medlemskapen vår i EI dannar ramma rundt det internasjonale arbeidet vårt, og vi skal utnytte de moglegheitene medlemskapen gir.