Utdanningsforbundets strategiske plan august 2025 – august 2026 (nynorsk)

Utdanningsforbundets strategiske plan som gjeld frå august 2025 til august 2026, på nynorsk. Les som nettekst, pdf eller bestill fra vårt eige trykkeri.

Gjennom Strategisk plan prioriterer Utdanningsforbundet område som alle organisasjonsnivåa skal arbeide med i gjeldande periode.

Dei strategiske satsingane er forankra i Vi utdannar Noreg, som presenterer politikken som heile organisasjonen er forplikta til å arbeide med i landsmøteperioden. Vi utdannar Noreg gir retning for arbeidet med lønns- og arbeids­vilkåra til medlemmene, utdannings­politikken og organisasjonsutviklinga.

Etter innspel frå fylkeslaga og behandling i representantskapet har sentral­styret vedteke tre strategiske satsingar for perioden frå august 2025 til august 2026. Desse er:

  1. Lærarrolla og laget rundt barnehagebarn, elevar og vaksne i utdanning
  2. Tid for dei minste
  3. Kvalitetsutvikling i framtidsskulen

Fellesnemnaren for dei strategiske satsingane er å bidra til at det er godt å gå på jobb som lærar – og til at det er godt å vere barnehagebarn, elev, student og vaksen i utdanningsinstitusjonane våre.

Trivselen til lærarar og leiarar i barne­hagen og skulen heng uløyseleg saman med trivselen til barn, unge og vaksne i utdanning. Korleis lærarar og leiarar opplever jobbkvardagen sin, har direkte innverknad på leike- og læringsmiljøet til barn og unge. Lærarar og leiarar må ha tid til å gjere jobben dei er sette til å gjere, dei må vernast mot overbelastningar og ha god tilgang til eit kompetent støttesystem.

Fleire forhold står i vegen for dette målet. Forsking viser at yrket er prega av høge relasjonelle og emosjonelle krav og belastningar. Sjukefråværet er høgt i delar av sektoren. Vi ser også at svak kommuneøkonomi, stram arbeidsmarknad og minkande søkjartal til lærarutdanningane står i vegen for realiseringa av lærar- og bemanningsnormene i barnehage og skule. Dette påverkar direkte arbeidskvardagen til lærarane og tilbodet til barn, unge og vaksne, og det svekkjer fagmiljøa i alle utdanningsinstitusjonane.

Mange føresetnader må altså vere på plass for at det skal vere godt å gå på jobb. Dette står sentralt i Utdanningsforbundets arbeid. Vi arbeider for å betre lønns- og arbeidsvilkåra til medlemmene, bevare og styrkje lærar- og bemanningsnormene, sikre gode arbeidstidsavtalar, bidra til trygge og helsefremjande arbeidsplassar og til å sikre tilstrekkelege ressursar til barnehagar, skolar og utdanningsinstitusjonar. Vi legg kontinuerleg vekt på desse områda i forhandlingar og politisk påverkingsarbeid, sentralt og lokalt.

Mange små byggjesteinar må på plass for at lærarar og leiarar skal få ein betre arbeidskvardag. Vi har tre satsingar for perioden som alle nivåa i organisasjonen forpliktar seg på: Vi jobbar systematisk for styrkt bemanning gjennom satsinga Tid for dei minste. Vi viser fram kor viktig profesjonskompetansen til lærarane er, gjennom arbeidet med Lærarrolla og laget rundt barnehagebarn, elevar og vaksne i utdanning. Vi bidrar til at lærarar, leiarar og tillitsvalde er med på å leggje premissane for Kvalitetsutvikling i framtidas fellesskule.

Saman jobbar vi målretta for at det skal vere godt å gå på jobb for lærarar og leiarar, og for at barn, unge og vaksne skal få gode barnehagar og skolar.

Utdanningsforbundet skal ta eit særskilt ansvar for å definere lærarrolla og arbeide for ei felles forståing av kva lærarrolla omfattar. Vi skal også formidle kva vi meiner utgjer eit godt lag rundt barnehagebarn, elevar og vaksne i utdanning.

Strategisk satsing frå august 2025 til august 2026

Mange lærarar opplever i dag at krava og forventingane som blir stilte til rolla deira, ikkje samsvarer med rammene dei har fått til å utføre oppgåvene. Dei møter ei stadig meir mangfaldig gruppe barn, unge og vaksne med auka behov for oppfølging, og grensene mellom deira eige ansvar og ansvaret andre har, er utydelege. Lærarrolla blir svekt når det er usikkert kven som har det pedagogiske ansvaret i barnehagane og skolane, og når lærarane får ansvar som ikkje ligg innanfor mandatet deira. Dette krev handling.

Med denne satsinga skal Utdanningsforbundet jobbe for å framheve rolla til læraren. Vi skal bidra til at lærarprofesjonen er bevisst og samstemt om grensene for arbeidet til lærarane. På alle nivå i organisasjonen skal vi skape ei felles forståing for profesjonsidentiteten, ansvaret og oppgåvene lærarane har, slik at vi kan sende den same bodskapen og stille dei same krava til lokale og sentrale myndigheiter. Vi skal også synleggjere korleis laget rundt barnehagebarn, elevar og vaksne i utdanning er eit viktig supplement til lærarane og lærarkompetansen.

Utdanningsforbundet har to overordna mål for denne satsinga:

Arbeide for ei felles forståing av lærarrolla.
Utdanningsforbundet skal ta ansvar for å definere lærarrolla i barnehage og skule, både i eigen organisasjon og i politisk påverkingsarbeid.

Formidle kva som er utgjer eit godt lag rundt barnehagebarn, elevar og vaksne i utdanning.
Utdanningsforbundet skal synleggjere og formidle kva vi meiner med «laget rundt», som er ulike funksjonar og ei støtte i arbeidet med å oppfylle samfunnsmandatet som barnehagen og skulen har – og retten som barn, unge og vaksne har til utdanning.

Skal vi nå måla våre, må vi jobbe systematisk både lokalt og sentralt i organisasjonen:

Lokalt: Arbeidet med å definere og avgrense lærarrolla krev ei bevisstgjering og ein aktiv diskusjon på lokalt nivå. Utdanningsforbundet skal bidra til at det blir lagt til rette for at lærarar, leiarar og andre yrkesgrupper i kvar enkelt barnehage og skule snakkar saman om korleis dei fordeler oppgåver og ansvar. Det lokale partssamarbeidet er vesentleg for at vi skal kunne styrkje dei tillitsvalde og leiarane våre både i påverkingsarbeidet og i arbeidet for medbestemming. Skal vi lykkast i dette arbeidet, er vi avhengige av ei felles forståing av kva mandatet til lærarane er, slik det er slått fast i gjeldande lov- og avtaleverk. Vi treng også god kunnskap om dei yrkesgruppene og tenestene som inngår i det lokale laget rundt barnehagebarn, elevar og vaksne i utdanning. Vi må synleggjere summen av dei krava og forventningane som er stilte til utøvinga av yrket lokalt, slik at vi tydeleg ser kva for føresetnader som må liggje til grunn for å styrkje lærarrolla.

Sentralt: Arbeidet med å avgrense lærarrolla må ta utgangspunkt i dei behova som lærarane har. Samtidig må lærarane bli bevisste på det ansvaret dei sjølve har, kva ansvar dei deler med andre yrkesgrupper og tenester, og kva ansvar som ligg hos støttesystemet. Utdanningsforbundet utviklar ressursar og skuleringsmateriell til tillitsvalde, både til bruk i lokale forhandlingar og lokalt påverkingsarbeid og som ei støtte i arbeidet med bevisstgjering og ansvarsfordeling på arbeidsplassnivå. Sentralt nivå har også ansvaret for å formidle til partane kva lærarprofesjonen meiner med lærarrolla og laget rundt.

Utdanningsforbundet skal vere ein pådrivar for å styrkje styrarressursen og auke bemanninga og barnehagelærartettleiken i barnehagen gjennom eit sterkare lovverk sentralt og ulike tiltak lokalt.

Strategisk satsing frå august 2025 til august 2026

Med denne strategiske satsinga skal Utdanningsforbundet jobbe aktivt for å nedkjempe bemanningskrisa som barnehagesektoren er prega av: Grunnbemanninga er utilstrekkeleg, det er stor mangel på barnehagelærarar, og styrarressursen er mange stader for liten. Dette rammar først og fremst barnehagebarna, som ikkje får det pedagogiske tilbodet dei har krav på, men det rammar også dei andre, som slit seg ut i forsøket på å drive god barnehage innanfor altfor tronge rammer.

Utdanningsforbundet har utarbeidd ein modell som sikrar auka grunnbemanning i form av fleire barnehagelærarar. Fram mot valet i 2025, og i det politiske påverkingsarbeidet etter valet, er det avgjerande at heile organisasjonen held ved lag og intensiverer satsinga, gjerne med utgangspunkt i denne modellen. Berre slik kan vi nå målet om politisk gjennomslag.

Utdanningsforbundet har to overordna mål for denne satsinga:

Auka grunnbemanning i form av fleire barnehagelærarar.
Utdanningsforbundet arbeider for å auke andelen barnehagelærarar i sektoren, slik at han blir på minst 60 prosent. Samtidig må også grunnbemanninga i barnehagen aukast.

Styrkt styrarressurs
Utdanningsforbundet arbeider for å innføre ei styrarnorm, slik at alle barnehagar har éin fast tilstadeverande styrar i full stilling. I tillegg må norma sikre at styrarressursen aukar når storleiken på barnehagen kjem over eit visst nivå.

For å oppnå dette må vi jobbe systematisk i tråd med måla både lokalt og sentralt i organisasjonen:

På lokalt nivå: I tillegg til å involvere styrarane for barnehagane i Tid for dei minste og sørgje for at dei tek eigarskap i satsinga, må vi arbeide lokalt for å sikre ein tilstrekkeleg styrarressurs i kvar barnehage. Med utgangspunkt i situasjonen lokalt kan gjeldande lov- og avtaleverk brukast for å påverke barnehageeigarane og lokale myndigheiter. Dei må i større grad ta ansvar for å løyse problema som oppstår når bemanninga i barnehagen ikkje er tilstrekkeleg. I dette arbeidet kan Rettleiaren om tilstrekkeleg bemanning i barnehagen nyttast aktivt. Vidare må vi halde fram arbeidet for å påverke lokale budsjett for å betre bemanningssituasjonen. I tillegg er det viktig å synleggjere bemanningsutfordringane og behovet for auka styrarressurs, samtidig som vi løftar fram dei positive følgjene av betre bemanning.

På sentralt nivå: Det sentrale nivået og fylkeslaga vil ta initiativet til ulike aktivitetar, og dei støttar lokallaga i partssamarbeid og politisk påverkingsarbeid. Kontaktforum barnehage, sentralt leiarråd, fylkeslag og sekretariat vil også ha ei sentral oppgåve når det gjeld å samle og dele erfaringar som blir gjorde lokalt. Slik kunnskap vil igjen fremje arbeidet med bemanningsmodellen, med å styrkje styrarressursen og ansvarleggjere lokale myndigheiter / barnehageeigarar. I tillegg til å arbeide inn mot statsbudsjettet og påverke politikken i nye partiprogram vil vi på sentralt nivå vidareutvikle ressursane til bruk i det politiske påverkingsarbeidet, og vi vil utvikle og tilby ulike former for skuleringsmateriell.

 

Utdanningsforbundet skal vere ein pådrivar for at lærarprofesjonens erfaringar og forståing av lærarrolla blir lagde til grunn i diskusjonane om korleis skulen kan bli betre. Vi skal bidra til å endre verktøy og testar som blir brukte til å vurdere kvalitet i dag, slik at dei i større grad støtter opp under arbeidet lærarane gjer for at elevane skal lære og trivast.

Strategisk satsing frå august 2025 til august 2026

Det er lærarane og leiarane som kjenner skulen best og som veit mest om elevane si læring og elevane sine behov. Likevel blir kunnskapen og erfaringa til lærarane og leiarane lite vektlagd når politikarar og samfunnet elles skal skaffe seg oversikt over situasjonen i skulen.

Det er òg lærarar som har kontakt med elevane i det daglege læringsarbeidet. Dersom vi vil styrkje elevane si læring, må det skje ved å styrkje lærarane si moglegheit til å gi god undervisning. Då er det eit paradoks at nasjonale prøver og verktøy i liten grad har vore utvikla for bruk i det fagleg-pedagogiske arbeidet i klasserommet.

Utdanningsforbundet ønskjer å endre måten vi testar og vurderer kvalitet på i norsk og samisk skule. Spesielt viktig er det å endre dei nasjonale prøvane og kartleggingsprøvane for å sikre at lærarar og skuleleiarar har verktøy som faktisk er nyttige i arbeidet med å gi elevane god utdanning. Vi skal også fremje ei breiare forståing av kva ein god skule er, og jobbe for at denne forståinga ligg til grunn for korleis skulen blir styrt.

Utdanningsforbundet har to overordna mål for denne satsinga:

Lærarar, skuleleiarar og tillitsvalde skal ha ei viktigare rolle i diskusjonane om kva ein god skule er, og om korleis skulen bør utviklast vidare.
Utdanningsforbundet sentralt og lokalt skal vere ein pådrivar for at administratorar og politikarar på lokalt og sentralt nivå skal støtte seg på erfaringa og kunnskapen som lærarar og skuleleiarar har, når dei tek avgjerder. Dette vil bidra til ei breiare forståing av kvalitet og til å synleggjere reelle konsekvensar av budsjettkutt og mangel på utdanna lærarar.

Det skal gjerast omfattande endringar i dei nasjonale verktøya og testane som blir brukte til å vurdere kvalitet i skulen.
Utdanningsforbundet skal skape ein offentleg aksept for at det trengst omfattande endringar i det norske systemet for å vurdere kvalitet i skulen. Vi skal bidra til at lærarar får betre verktøy i arbeidet med læring og trivsel for elevane, og vi skal fremje gode alternativ til dagens system for kvalitetsvurdering.

For å oppnå dette må vi jobbe systematisk i tråd med måla både lokalt og sentralt i organisasjonen:

På lokalt nivå: Skal Utdanningsforbundet bidra til at vurderingane og erfaringane til lærarane får ei viktigare rolle i styringa av skulen, må ein viktig del av arbeidet skje lokalt. Noreg har ein desentralisert skulestruktur. Det kommunale og fylkeskommunale nivået har ein betydeleg innverknad på korleis skolane blir styrte, og på kva for faktorar det blir lagt vekt på i diskusjonar om og vurderingar av kvalitet. Derfor er det viktig at tillitsvalde på lokalt nivå og på skulenivå arbeider for å bli inkluderte i desse diskusjonane og vurderingane som kommunar og skolar er pålagde i § 17-12 i opplæringslova. Utdanningsforbundet skal arbeide for at behova til lærarane blir lagde til grunn i utviklinga av nye testar og verktøy. Det lokale nivået vil bidra til å kartleggje desse behova gjennom innspel frå medlemmer og lokale tillitsvalde.

På sentralt nivå: Utdanningsforbundet sentralt kan støtte opp under det lokale nivået gjennom å dele gode eksempel på at lærarar, leiarar og tillitsvalde får gjennomslag i lokale diskusjonar om kvalitet. I tillegg må det sentrale nivået løfte fram og gjere erfaringane til lærarane kjende i den offentlege debatten, og presentere Utdanningsforbundets politikk i media. Det sentrale nivået skal synleggjere alternativ til den oppfatninga av kvalitet og styring av sektoren som rår i dag, og det skal drive politisk påverkingsarbeid opp mot regjeringa, Stortinget og dei politiske partia. I tillegg blir det viktig å ha kontakt med direktorat, departement og andre sentrale aktørar i arbeidet med å utvikle nye prøvar og verktøy.