Gjennombrot for arbeidet med lhbtiq

Opp alle jordas lhbtiq-personar – fleire og fleire av Education International (EI) sine medlemsorganisasjonar seier eit rungande JA til kjønns- og seksualitetsmangfald og like rettar, og NEI til diskriminering.

EI er den største verdsomspennande føderasjonen av lærarfagforeiningar. Organisasjonen har gjennom dei siste 20 åra vore ein viktig pådrivar i arbeidet med å sikre grunnleggande rettar for lhbtiq-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersoner, intersex og queer). Likefullt er det først no ein ser at dette langsiktige arbeidet byrjar å bere frukter, og at dei einskilde lærarorganisasjonane løftar fram lhbtiq-rettar i eigne land. Både i Asia og Latin-Amerika er desse spørsmåla høgt på dagsordenen – så høgt at dei har fått eigne sesjonar på dei regionale kongressane til EI Asia og EI Latin-Amerika. Målet er ytterlegare å forsterke innsatsen med å sikre lhbtiq-rettane på landnivå.

- Fagforeiningsleiarar må vere modige og framsynte!

Rebeca Sevilla, koordinator ved Education International sitt hovudkontor i Brussel, seier det er gledeleg at dette kjem opp no både i Asia og Latin-Amerika. Arbeidet går likevel framleis med «musesteg» i alt for mange land, mellom anna i Afrika.

- All endring tek tid og fagforeiningsleiarar må vere modige og framsynte og vise vilje til endring, seier Sevilla. Ho seier vidare at det ofte er yngre krefter innanfor organisasjonane som driv arbeidet for menneskerettar framover, medan leiarskapet ofte består av eldre menn som ikkje er så interessert i desse endringane.

Grunnleggande menneskerettar

Folk i urbane strok over heile verda har i dag tilgang på informasjon på ein heilt anna måte enn før, og medvitet om eigne rettar er høg. I tillegg har ein etter kvart mange gode røynsler på korleis ein har vunne fram med politisk rettigheitsaktivisme. I Latin-Amerika finn ein i dag partnarskap/likekjønna ekteskap i land som Argentina, Brasil, Colombia, Costa Rica og Uruguay. Dette er resultat av aktivt og målretta  påverknadsarbeid frå mellom anna lærarorganisasjonar.

- Vi snakkar om gjennomslag for heilt grunnleggande menneskerettar seier Sevilla. Ho meiner at fagforeiningsleiarar må bygge bruer og vere pådrivarar på ulike nivå innan organisasjonen, i sivilt samfunn og gjennom sosial dialog med styresmaktene for å oppnå naudsynte endringar for lhbtiq-personar og andre marginaliserte grupper.

Lhbtiq-arbeidet i Utdanningsforbundet

Sett med norske auge er det gledeleg at dette arbeidet byrjar å gje resultat. Utdanningsforbundet har alltid løfta fram menneskerettar generelt og lhbtiq-rettar spesielt. I 2015 oppretta landsmøtet eit likestillings- og diskrimineringsutval. Utvalet har eit breitt arbeidsfelt som spenner frå likestilling mellom menn og kvinner, via ikkje-diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne, etnisitet og religion, til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Hovudmålet for utvalet er å sette likestilling og ikkje-diskriminering på dagsorden for Utdanningsforbundet på alle nivå, slik at det blir ein naturleg del av vårt tillitsvalsarbeid. I tillegg har Utdanningsforbundet arbeidd tett med lhbtiq-rørsla sin organisasjon FRI i mange år. Frå 2012 har vi vore med i styringsgruppa til Rosa kompetanse skule, og frå i vår også i Rosa kompetanse barnehage. Vidare har alle nivå i organisasjonen fått informasjon om korleis Rosa kompetanse skule arbeider opp mot skulane og lærarutdanningane.

For meir informasjon sjå også www.ei-ie.org og www.foreningenfri.no