Geir Røsvoll inn i kommunekommisjonen

Leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll er utpeikt av regjeringa til å sitje i ein ny kommunekommisjon som skal føreslå endringar slik at kommunane kan bruke ressursane på ein måte som gjer at dei kan løyse oppgåvene meir effektivt.

– Mitt mål er at kommisjonen klarar å løfte blikket og ikkje berre sjå på lovar og reglar, men og korleis me organiserer og styrer arbeidskvardagen for profesjonane i kommunal sektor. Dette er problemstillingar som ikkje er særskilt for lærarane, men for alle profesjonane i kommunal sektor, seier Geir Røsvoll. 

I dag oppnemnde Kongen i statsråd ein ny kommunekommisjon som skal føreslå endringar slik at kommunane kan bruke ressursane på ein måte som gjer at dei kan løyse oppgåvene meir effektivt. 

Leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll er ein av dei som er utpeika av regjeringa til å sitje i kommisjonen for Unio. Røsvoll har vore ei tydeleg stemme i debatten om forventningsgapet i kommunal sektor. 

Kommisjonen skal levere fyrste delrapport alt før jul i 2025, og kommisjonen skal etter planen komme med en første rapport allerede før jul i år, mens neste rapport kommer i 2026.  

Heile kommunekommisjonen:

Leiar:
Spesialrådgiver Eivind Dale, Ås

Medlemar:
Forbundsleder Mette Nord, Porsgrunn (LO)
Forbundsleder Geir Røsvoll, Trondheim (Unio)
Områdedirektør samfunn, velferd og demokrati Helge Eide, Lillestrøm (KS)
Selvstendig næringsdrivende Ivar Bühring Prestbakmo, Salangen
Tidligere ordfører Rita Irene Ottervik, Trondheim
Administrerende direktør Monica Mæland, Bergen
Kommunedirektør Anna Camilla Mattsdotter Bruno Dunsæd, Kristiansand
Kommunedirektør Jørgen Holten Jørgensen, Tana
Professor Signy Irene Vabo, Oslo
Professor Lars-Erik Borge, Trondheim
Pasient- og brukerombud og sosial- og eldreombud Heidi Merete Rudi, Nordre Follo

Geir Røsvoll er leiar i Utdanningsforbundet og forhandlingsleiar for Unio kommune (på kommuneområdet), som forhandlar løns- og arbeidsvilkår for ei rekkje profesjonar i kommunal sektor, mellom anna lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar og anna helsepersonell med høgare utdanning.

Geir Røsvoll er opphaveleg frå Mo i Rana, og har jobba 18 år som lærar i Bærum, Oslo og Trondheim. Han har vore tillitsvald i ei årrekke, Frå 2019 til 2023 var han fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Trøndelag og frå 2023 vart han leiar i Utdanningsforbundet. 

Sitert

Avbildet: Geir Røsvoll
Geir Røsvoll

leder av Utdanningsforbundet