– Dei yngste elevane må òg ha digital kompetanse

Utdanningsforbundet seier nei til forslaget om å fjerne digitale ferdigheiter som ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen for dei yngste elevane.

I starten av april varsla Kari Nessa Nordtun at det var på tide å tone ned bruken av digitale verktøy blant dei aller yngste elevane. Kunnskapsministeren bad difor Utdanningsdirektoratet vurdere konsekvensane av å ta bort digitale ferdigheiter som ei av dei fem grunnleggjande ferdigheitene for dei yngste elevane (1.–4. klasse). 

No har Utdanningsforbundet kome med sitt innspel til direktoratet.

– Dei yngste elevane må òg ha digital kompetanse. Skulen har eit klårt oppdrag i å utvikle digital kompetanse hos elevane, og det må òg gjelde for dei yngste. 

– Regjeringa har samstundes ein digitaliseringsstrategi med ambisjon om at skulen skal motverke digitalt utanforskap. Då må skulen sørgje for at alle elevar utviklar tilstrekkeleg digital kompetanse til å fungere i samfunns- og arbeidsliv, frå dei byrjar på skulen, seier Geir Røsvoll. 

Fryktar at metodefridomen vert innskrenka

Leiaren i Utdanningsforbundet peikar på at det å fjerne digital kompetanse som ei av dei fem grunnleggjande ferdigheitene vil få store konsekvensar for undervisningspraksisen til lærarane. Grepet som blir føreslått vil innebere ei vesentleg endring i læreplanstrukturen, og vil bidra til å avgrense metodevala lærarane har. Det vil dermed redusere handlingsrommet for bruk av digital teknologi. 

– Dei fleste lærarar er positive til digitalisering i grunnopplæringa, og dei ser den pedagogiske nytteverdien av digital teknologi i undervisinga. Og det er òg viktig at lærarane i større grad enn i dag får velje om dei vil bruke analoge eller digitale læremiddel, understrekar Røsvoll. 

Samtidig er Utdanningsforbundet positive til ein debatt om digitale ferdigheiter, seier han. 

– Vi ønskjer velkomen ein diskusjon om korleis digitale ferdigheiter fungerer som grunnleggjande ferdigheit i ulike fag, og om potensialet og ambisjonane som ligg i læreplanane blir utnytta godt nok. Styrkjer det elevanes kompetanse? 

– Den skisserte endringa er vi derimot kritiske til, og vi stiller oss undrande til kva i kunnskapsgrunnlaget (bakgrunnen for oppdraget) som gjer at Kunnskapsdepartementet ønskjer å redusere eller fjerne dei digitale grunnleggjande ferdigheitene for dei yngste i skulen, seier Røsvoll. 

Etterlyser eit meir balansert ordskifte om digitaliseringa

Sidan Nordtun blei kunnskapsminister for halvanna år sidan, har ho hatt fleire utspel om bruk av mobiltelefonar og annan teknologi i skulen. «Eg har lenge vore uroa over skjermbruken blant dei yngste barna», skriv ho mellom anna i ein e-post til Klassekampen. Utdanningsforbundet har derfor i høyringssvaret sitt oppmoda til eit meir nyansert ordskifte, og skriv følgjande: 

«Både lovverk og forsking understøttar at skulen må gi elevane moglegheit til å forstå og bruke teknologi, samt utvikle kritisk tenking. Vi må derfor jobbe meir med haldningane til barn og bidra til at dei får god digital dømmekraft – både i skuletida og på fritida. 

Utdanningsforbundet etterlyser eit meir balansert ordskifte om digitaliseringa i skulen. Vi skal ikkje vere naive, men heller ikkje setje i verk tiltak som gjer skulen passiv eller reaktiv i møte med den digitale utviklinga. Vi må sikre variasjon i opplæringa. Å innføre avgrensingar fører til det motsette. Skulen sitt mandat gir eit tydeleg oppdrag om å utvikle digital kompetanse – det må vi ta vare på gjennom heile utdanningsløpet. Vi utdannar for framtida.» 

Sitert

Avbildet: Geir Røsvoll
Geir Røsvoll

leder av Utdanningsforbundet