Stopp krigshandlingane i Israel og Palestina no!

Utdanningsforbundet tek avstand frå krigshandlingane i Israel og Palestina, og oppmodar partane til å stoppe valden, inngå våpenkvile og starte arbeidet med å oppnå ei rettvis, varig og berekraftig løysning.

Utdanningsforbundet fordømmer på det sterkaste krig og terror mot sivile, og er solidarisk med alle – israelarar og palestinarar – som lid under dei pågåande krigshandlingane. Våre tankar går til dei som har mista sine kjære, og alle born, unge, lærarar og andre som lever i frykt og uvisse.

Lærarprofesjonen er tufta på verdiar og prinsipp basert på universelle menneskerettar – rettar vi må stå opp for, fremme og forsvare kvar dag! Som lærarar reagerer vi sterkt på drap på born og andre skuldlause – på begge sider av konflikten. Det er uskuldige sivile som er offer og taparar for krig og terror. Alle liv er ukrenkelege og alle har krav på å leve frie og heile liv i tryggleik¬ og utan krig, vald og undertrykking.

For Utdanningsforbundet er det viktig å verne om born og unge sine interesser, og sikra ei god, likeverdig og inkluderande utdanning for alle. Born og unge i Israel og Palestina har det vanskeleg, og har mista den tryggleiken dei er avhengige av for å lære og utvikle seg. Utdanningsforbundet stiller seg solidarisk med alle born og unge, samt med lærarar som gjer sit beste for å oppretthalde og gje undervisning under særs vanskelege forhold.

Utdanningsforbundet har eit sterkt internasjonalt engasjement og har gjennom brev og anna kontakt uttrykt solidaritet med våre søsterorganisasjonar i Israel og Palestina.

Striden mellom Israel og Palestina er komplisert og ein sterk kjensleladd og polariserande konflikt. Utdanningsforbundet utrykker støtte til det jødiske og palestinske miljøet i Norge. Vi tek avstand frå antisemittisme og islamofobi, og ber innstendig om at Israel-Palestina-konflikten ikkje fører til meir rasisme.

Utdanningsforbundet oppmodar partane, norske styresmakter og verdssamfunnet til å jobbe for ei rettvis, varig og berekraftig løysning begge sider kan leve med.