Skulefritidsordninga (SFO/AKS)

Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova § 13-7. Kommunen pliktar å ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.

Sjølv om ordninga er heimla i opplæringslova, er ikkje dette ein del av grunnskuleopplæringa. Skolefritidsordninga skal ha kommunale vedtekter på definerte område som er lista opp i lova. Reglar for tryggleik i skulen skal også gjelde for SFO (lov § 9a-9, forskrift § 12-1), det same gjeld krav om politiattest (lov § 10-9). Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å drive SFO.

Arbeidstid for personalet i SFO er regulert i Sentral forbundsvis særavtale (SFS 2201); dagleg leiar  punkt 3.1.2, pedagogisk personale punkt 3.2, anna personale punkt 3.3.2, planlegging/samarbeid punkt 3.4 og ferie punkt 3.5.  

Omgrepet «skolefritidsordning» har sidan 1991 vore brukt som eit samlande omgrep for tilsynsordningar for elevar, og vart lovfesta etter innføring av skulestart for 6-åringar. Ordninga kan ha ulike namn, som til dømes aktivitetsskule (AKS) eller fotballfritidsordning (FFO). Sjølv om kommunen har plikt til å opprette SFO-tilbod, gjeld dette kommunen, og ikkje kvar einskild skule. Når ordninga er knytt til ein skule, har rektor som regel det overordna ansvaret.

Det er ikkje fastsett nasjonale krav til SFO, verken når det gjeld innhald, organisering, areal, bemanning eller kompetanse i personalet. Det er difor  store variasjonar i dei ulike kommunane, dette gjeld også storleiken på foreldrebetalinga.

Stortinget gjorde i november 2016 vedtak om å gjennomføre ei nasjonal evaluering av skulefritidsordninga og følgje denne opp med ei stortingsmelding.

Utdanningsforbundet meiner

  • Nasjonale standardar med arealnorm, bemanningskrav og kompetansekrav må innførast
  • Det må utarbeidast retningslinjer for eit godt pedagogisk innhald i SFO.
  • Skule og SFO må bygge på felles pedagogisk plattform og felles verdisyn
  • Skule og SFO må utfylle kvarandre, slik at dagen blir opplevd heilskapleg for eleven. Det må difor vere eit nært samarbeid mellom tilsette i skulen og SFO.
  • Primæroppgåvene for SFO skal vere å ta vare på og legge til rette for leik, læring og omsorg.
  • SFO er barna si fritid, og det må leggast stor vekt på leik og sjølvvalde aktivitetar
  • SFO skal vere ein stad der alle barn kan utvikle eit positivt sjølvbilete og kjenne seg trygge på menneskeverdet og identiteten sin ved å bruke varierte og ulike sider ved seg sjølv.
  • I tillegg skal SFO vere kultur- og verdiformidlar og arena for samhandling der reell likestilling ligg til grunn.
  • SFO skal bygge på fleirkulturell forståing og likeverd, og motarbeide alle former for rasisme.
  • SFO-tilbodet bør vere gratis, slik at det ikkje er foreldra sin økonomi som avgjer om barna kan nytte seg av tilbodet
  • For å sikre eit likeverdig og godt SFO-tilbod, må kunnskap om noverande ordningar innhentast. Forsking på dette området må difor prioriterast av nasjonale styresmakter.