Kontaktforum barnehage

Kontaktforum barnehage Møre og Romsdal blei halden 19.oktober på Vestnes Fjordhotell.

Mellom dei 24 representantane frå lokallaga som var samla deltok Andrea Bjørnevik frå Smøla for første gong. På spørsmål om kva ho tek med seg frå kontaktforumet svara ho "Mange gode tips og erfaringar. At det finnes kommunale forskjellar."

Eit flott forum!

Frank Vidar Andersen frå Volda har delteke tidlegare, og her er noko av det han satt igjen med denne gongen:

  • Kontaktforumet knyter erfaringsutvekslingar frå barnehagar i M&R saman.
  • Vi snakka om dei ulike rammefaktorane som er rundt omkring i kommunane og viktigheita av å arbeide for gode arbeidsvilkår i barnehagane.
  • Vi må arbeide for at dei 40% av utdanna barnehagelærarar som diverre har valt å ikkje jobbe i barnehage finn yrket attraktivt igjen.
  • Vi må synleggjere viktigheita av bemanninga i barnehagen til lokale politikarar i eigen kommune, og påverke budsjettprosessane.
  • Vi tek med oss at det er store forskjellar i kommunane, og at forumet er bra for erfaringsutveksling.