Nytt pensjonistråd 2023-2027

Utdanningsforbundet Møre og Romsdal har konstituert nytt pensjonistråd.

Det er fylkesstyret som oppnemner pensjonistrådet etter å ha spurt lokalaga om dei har kandidatar, og så er det det nyoppnemnde pensjonistrådet som konstituerer seg sjølv.
Slikt konstituerande møte hadde vi 18. oktober på fylkeskontoret I Spjelkavika.

Resultatet vart:
Leiar: Anne Marie Bergset, Ålesund
Nestleiar: Mette Spange, Smøla
Medlem: Kari Meek Corneliussen, Hustadvika
Medlem: Geir Einar Sandnes, Vanylven
Medlem: Nina Rabben, Ålesund
Medlem: Trond Bakke, Rauma