Fråfall av elevar

Susanne er kontaktlærar for Vg1, Media og kommunikasjon. Dette skuleåret er klassa litt meir samansett enn ho er van med. Fleire av elevane har både faglege og sosiale utfordringar og treng tett oppfølging. Før ekstra ressursar kan settast inn må skulen, i følgje opplæringslova, først dokumentere at alt er prøvd for å tilpasse opplæringa.

Susanne er  kontaktlærar for Vg1, Media og kommunikasjon. Dette skuleåret er klassa litt meir samansett enn ho er van med. Fleire av elevane har både faglege og sosiale utfordringar og treng tett oppfølging. Før ekstra ressursar kan settast inn må skulen, i følgje opplæringslova, først dokumentere at alt er prøvd for å tilpasse opplæringa.

Susanne er etter kvart noko oppgitt over enkelte av sine kollegaer. Ho meiner dei fleste driv svært tradisjonell opplæring og at fleire manglar både motivasjon og vilje til å tilpasse. I tillegg har ingen i teamet spesialpedagogisk kompetanse. Samhandlinga og samarbeidet blant lærarane er minimalt. Fråveret til enkelte av elevane er svært høgt og vurderingsgrunnlaget faretruande tynt for enkelte. 

Susanne tar stadig opp problematikken på klassemøter, med rådgivar og avdelingsleiar utan at dette fører til nemneverdige endringar. Rådgivar har rett nok hatt mange samtalar med elevane. Foreldra har også vore kontakta. Alt går likevel sin vante og tidvise skeive gong.  

I november kjem to av elevane, Jenny og Ola, som har desidert høgst fråvær og største personlege utfordringar på kontoret til rådgivar og seier at dei ønskjer å slutte. Susanne er sliten. Sjølv har ho prøvd å strekke seg langt i tilpassing og variasjon, men har i liten grad klart å nå fram. Ho har innsett at det er vanskeleg å få til endringar både hos elevane og sine kollegaer. Om desse to sluttar vil truleg læringsmiljøet for resten av klassa bli betre og utfordringane for teamet mindre. Ho må faktisk innrømme at ho kjenner seg litt letta. Verken Susanne, avdelingsleiar eller rådgivar brukar mykje energi på å overtale dei to til å bli på skulen. 

Fråfallet, som skulen har mål om å motarbeide, er eit faktum.

  • Burde Susanne ha strukke seg lengre for at Jenny og Ola skulle bli på skulen?
  • Er det andre som burde ha kjent på eit eller fleire etiske dilemma i tida før elevane slutta?
  • Korleis vil du vurdere desse punkta henta frå vår profesjonsetiske plattform? 
    – «Lojaliteten skal alltid ligge hos eleven»
    – «Heile kollegiet tar eit felles  ansvar for å utvikle eit godt utdanningstilbod og for å fremje og vidareutvikle profesjonaliteten»

Dette er den første etappen i Utdanningsforbundets etikkstafett. Pinnen overtas av sentralstyremedlem, og lærer i VGS, Anita Rose Bakke.