Sjuk i ferien!

Me vonar at alle held seg friske og får utnytta ferien godt, men om du blir sjuk når du har ferie så pass på å følgje regelverket til NAV og Voss herad.

FERIE
- For lærarane i skule gjeld dette veke 26, 27, 28, 29 og 30.( Veke 31 og 32 er
arbeidsfrie periodar).- For andre medlemsgrupper gjeld dette når du tek ut ferie gjennom året.

Sjuk i ferien!
Me vonar at alle held seg friske og får nytta ferien godt, men om du blir sjuk når du har
ferie så pass på å følgje regelverket til NAV og Voss herad.
Dersom du har begynt på ferien og blir sjuk, kan du ha rett til å få utsatt ferien.
Dette må du avtale med arbeidsgjevaren din, med ein gong du byrjar i jobb igjen.
Du må ordne med sjukemelding frå lækjar når du blir sjuk, slik at arbeidsgjevar får
melding om dette. Du må få sjukemelding frå der du er, i innlandet eller utlandet.
MERK: NAV - skjema!
Viss ferien blir utsatt, kryssar du - NEI - på spørsmålet om du har hatt ferie. (her gjer
mange feil – og kryssar ja)
Blir ikkje ferien utsatt og du har ferie som avtalt, krysser du - JA - på spørsmålet om du
har hatt ferie.


Viss du som arbeidstakar blir sjuk i ferien:
• Hvis du blir sjukemeldt i løpet av ferien, kan du kreve feriedagane utsatt
allereie frå og med fyrste dag du bliri sjuk, inkludert laurdag. Her er det viktig
å melde frå til næraste leiar samme dag som du får sjukemelding. ( Dersom
ein ventar med å melde frå, går ein glipp av lønn dei dagane du utset å melde
frå)
• Du må dokumentere kravet med legeerklæring, og krevje erstatningsferie inna 14
dagar etter at du har gjenopptatt arbeidet.
• For å ha rett til ny ferie må du har vore heilt (100 prosent) sjukemeldt, og du må ha
vore sjukemeldt i eit EØS-land.
Viss du som arbeidstakar blir heilt arbeidsufør før ferien:
• Du kan kreve å få utsatt ferien til seinere i året.
• Du må dokumentere kravet med legeerklæring, og sette det fram for
arbeidsgjevar seinast siste arbeidsdag før ferien.


Retten til å utsette feriedagane gjeld lovbestemt ferie etter ferieloven § 5, normalt 4
ferieveker og éin dag, og éin ekstra veke for alle over 60 år.
Hugs at ferie i utgangspunktet er fritid utan lønn. Poenget med feriepengar er at dei skal
erstatta manglande løn medan du tar ferie.


Me ynskjer alle god sommar og god ferie.