Utdanningsforbundet Stord sin medlemsquiz

Bli med på Utdanningsforbundet Stord sin medlemsquiz på Arena, fredag 24.oktober.

Fredag 24.oktober skipar Utdanningsforbundet Stord igjen til quiz på Arena. Quizen byrjar klokka 20.00. Dørene opnar klokka 19.00. Møt gjerne tidleg for å sikre laget ditt eit bra bord. Som vanleg er Sverre Sørensen quizmaster, men det vert og straffelekser frå lokallagsleiar, Tor Jæger Koppang. Alle skular, barnehagar eller andre einingar som ynskjer kan stille lag. Ein kan gjerne stille fleire lag frå same skule. Mindre einingar kan slå seg saman for å lage lag.
Bli med og tevla om å vera smartaste skule eller barnehage. Premiar og gåvekort frå Bakeriet Frugård til dei tre beste laga. Utdanningsforbundet sin samanleggbare reisevase er vandrepokal! Pokalen er no på Bømlo, så den må hentast heim. Det er gratis å delta!
Nytta dette høve til ein hyggeleg kveld saman med gode kollegaer.
Påmelding seinast torsdag 23. oktober til [email protected] PS! Alle deltakarar må sjølvsagt vera medlem av Utdanningsforbundet.
Vel møtt!