TV1 er første kurs i grunnskuleringa, og skal gje nødvendig basiskompetanse til alle arbeidsplasstillitsvalde i Utdanningsforbundet, tilpassa tariffområde og uavhengig av lokale forhold.
De får lunsj. Om du har matallergi vi må ta omsyn til, er det viktig at du gjer oss beskjed om det. Ta med PC.
Gjennom grunnskuleringa skal dei arbeidsplasstillitsvalgte:
Bli trygg i rolla og motiverast til innsats
Kunne utøve medråderett på arbeidsplassen
Få innsikt i lover, avtalar, Utdanningsforbundets politikk og andre forhold som danner rammene for tillitsvaldtarbeidet
Bli kjend med Utdanningsforbundet sin politikk og vere medviten handlingsrommet som tillitsvald
Bli i stand til å arbeide strategisk for Utdanningsforbundet sin politikk og medlemmane sine interesser
Forstå kva det betyr at Utdanningsforbundet er ein profesjonsorganisasjon og korleis profesjonsfagleg argumentasjon kan brukast
Kunne leie klubben og engasjere medlemmane
Kunne kommunisere godt i møte med andre
Kunne jobbe for medlemsvekst
Dei tillitsvalde skal i tillegg til opplæringa også få verktøy og støtte til det praktiske arbeidet.