Referat årsmøte 2018

Tysvær

Onsdag 21.mars 2018 kl. 19:00 vart det avholdt årsmøte for Utdanningsforbundet Tysvær på Fjørsilkebris på Førland

Publisert: 10.04.2018

Det møtte 47 medlemmer frå lokallaget, i tillegg til Karin Elisabeth Kaald Wathne frå fylkesstyret. Årsmøtet vart opna av leiar Lars J Liknes som ynskte velkomen.

Etter konstituering og godkjenningar gjekk leiar kort gjennom årsmeldingar med orientering om innhald. Årsmøtet og tillitsvalde fekk moglegheit å kommentere.

Årsmøtet fekk helsing frå fylkesleddet ved fylkesstyremedlem Karin Elisabeth Kaald Wathne. Ho starta med å snakka om viktigheita av å vere organisert, om engasjement og det å vere eit aktivt medlem. Så var ho innom sentrale tema som Utdanningsforbundet har vore engasjert i og hatt fokus på, mellom anna lærarnorm og læraplanarbeid i skule, bemannings- og pedagognorm i barnehage, pensjonsdrøftingane og tariff 2018. Det var eit innhaldsrikt og engasjerande innlegg. Lokallaget takka Karin Elisabeth for innlegg og besøk med blomehelsing.

Årsmøtet gjekk gjennom rekneskap og budsjett og det vart avheldt val til lokallagsstyre. Leiar har signalisert at han vil takka av, men valnemnda har ikkje klart å finne ny kandidat. Årsmøtet gjev difor valnemnda fullmakt til å jobbe vidare med å finne ein leiarkandidat i tråd med valreglement og prosess fylkeslaget tilrår.  

Ein gjekk gjennom handlingsplanen for lokallaget og årsmøtet vedtok 2 resolusjonar. Desse kan ein finne som vedlegg til denne saken. 

Leiar takka til slutt referentar, valnemnd og møteleiar for jobben med ei blomehelsing. Årsmøtet vart avslutta med tapas, lynlotteri og til slutt nokre kveldstankar ved Morten Salvesen.

Takk til alle som møtte fram på årsmøtet!

Heile referatet frå årsmøtet ligg som vedlegg til saken.