Godt nytt år - her er kursplan for våren 2023

Godt nytt år til alle medlemmar og tillitsvalde. No ligg kursplan for våren 2023 på nettsidene våre. Den finn du nede på framsida.

I 2023 er det Landsmøte i Utdanningsforbundet. Det skjer i november. Dette året er det også Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal, og det skal vere i Geiranger i mai. Det er fylkes- og landsmøte kvart fjerde år, og dei åra er det litt ulikt andre år med tanke på kurs og møteverksemd. 

I løpet av mars månad må alle lokallag ha gjennomført sine lokallagsårsmøter, der dei mellom anna må vedta kven som skal vere delegat til fylkesårsmøtet. Ein kan og fremje kandidatar til ulike val til det nye fylkesstyret for perioden 2023-2027. Du kan lese meir om vedtektene til Utdanningsforbundet her