God jul

Utdanningsforbundet Møre og Romsdal ønskjer alle medlemmar ein god jul.

Det har vore ein haust med nokre oppturar og nedturar for Utdanningsforbundet. Streiken i KS var godt organisert, og vi fekk mykje positiv merksemd. 70 prosent av folket støtta oss i ein rettvis streik. Ei medieanalyse av Retriever viser at Utdanningsforbundet fekk ein høg scor i sin kommunikasjon kring streiken. Også i Møre og Romsdal var vi med å sette vårt avtrykk gjennom mediene. Men dessverre endte det med tvungen lønsnemnd. Lærarar og tillitsvalde er frustrerte, og framtida til skulen er i spel.

Samstundes vart streiken i PBL barnehagane svært vellukka, og dei fekk på plass ein god tariffavtale og ikkje minst ein god pensjonsavtale for våre medlemmar. 

Sist, men ikkje minst er det stas å nemne at Vasset barnehage i Sula kommune vann Utdanningsforbundets klimapris for 2022. Slike lyspunkt er ved å ta med seg på tampen av det gamle året, og inn i det nye. 

No håper vi alle medlemmar og tillitsvalde kan få nokre rolege og gode dagar. 

Tusen takk for den viktige jobben de alle gjer og nyt ein velfortent ferie. 

 

God jul og godt nyttår til alle. 

 

Helsing

Gerd Botn Brattli, fylkesleiar og Håvard Moe, nestleiar.